Oktober

oktober 1, 2006 at 10:45 am Kommenter innlegget

Statsbudsjettet
Om få dagar kjem statsbudsjettet. For folkebiblioteka vil det vere kommuneøkonomien som er det viktigaste kapittelet i budsjettet. Norge går så det hyler i fylgje ein rapport frå SSB. Fagforbundet har store forventingar til budsjettet. Noko dei òg har god grunn til om me skal tru oppslag i Nationen. I heile tatt så er det rart etter fire år med eit voldsamt press på kommunane sin økonomi, å ha ein kommunalminister som ønskjer seg meir festing i kommunane. Det er sjølvsagt ikkje berre i kommunane det er store forventingar foreininga «Leser søker bok» trur òg på meir pengar frå statsbudsjettet.

Kommunane
For få dagar sidan kom bibliotekutgreiinga, den blei lansert under namnet bibliotekreform2014. Det er enno alt for tidleg og setta seg til doms over utgreiinga, men det kan vere lurt å sjå kva inntrykk ein sit igjen med etter museumsreforma, og det er visst ikkje så bra i fylgje NRK.
I Sogn og Fjordane inviterte Bibliotekforeininga og fylkesbiblioteket til debatt om kva ein vil med biblioteka, og fikk råd av ein røynd lokalpolitikar å sjølv vere med sjølv og få seg høgare opp på den politiske agendaen. I Elverum er plasseringa av det nye biblioteket høgt oppe på den lokalpolitiske agendaen. I Rygge blir det stilt spørsmål med om dei skal tilsette barnebibliotekar etter at den gamle slutta. I eit land der alle parti frå Høgre til SV på alle nivå frå kommunane til regjeringa meiner at det skal satsas på barn og lesing så lurer Rygge kommune på om dei treng barnebibliotekar, fantastisk!Fredrikstad bibliotek har føretatt ei brukarundersøking og funne ut at fleirtalet av brukarane er kvinner og godt nøgde med tilbodet, ingen sensasjon der altså. Anita Fuglaas i Mandal derimot ho boikottar biblioteket, så lenge det ikkje er betre tilrettelagt.Teknologi
Fleire heimar har tilgang til breiband i fylgje ei kartlegging frå SSB. Fornyingsdepartementet løyver òg pengar til breibandsprosjekt i kommunane. Enkelte byar som t.d. Trondheim har og store planar om å gje alle innbyggarane tilgang på trådlaust breiband. Og misunning er ein god drivkraft for framsteg for har dei det i Trondheim så vil me òg ha det i Stavanger. På tross av desse framstega er framleis mange som ikkje har fått med seg heile den digitale kvardagen til dømes fleir eldre. Det er ikkje berre gamlingane som har problem med nettet òg oppegåande journalistar får problem når dei skal leite etter informasjon på internett.

Kunnskapssamfunn
OECD har laga ein rapport om utdanning i OECD-landa, Norge kjem etter måten bra ut av rapporten. 25% av dei vaksne i Norge har høgare utdanning i følgje SSB sin statistikk. Kvaliteten på utdanninga seier statistikken lite om men lærarutdanninga får stryk av den finske professoren Sven-Erik Hansén. Det er mogleg at det er derfor at regjeringa set av 375 millionar til etterutdanning av lærarar. «Den kulturelle skulesekken» får derimot ikkje stryk i NIFU-STEP evalueringa som blei lagt fram i starten av september.

Boblarar
Statsbudsjettet kjem på fredag. Stortinget trer saman. Ordskifte om bibliotekutgreiinga.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender.

Bibliotekutgreiinga i media Statsbudsjettet, bibliotekutgreiinga og framtida for ABM-u

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

oktober 2006
M T O T F S S
« Sep   Des »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: