Bibliotekutgreiinga lagt fram -regionalmeldinga utsett

september 26, 2006 at 5:08 pm Kommenter innlegget

Bibliotekutgreiinga vart overlevert frå ABM-utvikling til kulturministaren i går. Utgreiinga skal nå ut på høyring før regjeringa eventuelt lagar politikk ut av han. Bibliotekutgreiinga er blitt eit halvt år forseinka. Det har utgreiinga ikkje tatt skade av skal vi tru dei fyrste reaksjonane frå NBF leiar Anne Hustad. Ho seier til NBF-veven : «Dette var i all hovedsak svært positiv lesing«. Nå har både Anne og underteikna deltatt i arbeidet med meldinga som medlemmar av referansegruppa så heilt uhilda er me nok ikkje men eg følgjer NBF-leiaren i synet på utgreiinga. Nå ser det òg ut til at regionalmeldinga blir utsett på grunn av usemje i regjeringa, skriv Kommunal Rapport. Denne interne kivinga i regjeringa er sjølvsagt eit resultat av dei motsetningane som finnes i spørsmålet om regionalisering. Det er desse motsetningane fylkesrådsleiar Geir Knutson i Nordland sett ord på i et intervju med NRK. Denne utsettinga av Stortingsmeldinga trenger ikkje å bety at meldinga blir dårleg. Erlend Skevik i Kommunal Rapport får likevel fram poenget med som nå er i ferd med å skje, når han seier at meldinga allreie har fått eit taparstempel som det blir vanskeleg og kvitte seg med.

På bakgrunn av at det nå er svært uklart kva som kommer i meldinga oppfordrar stortingsrepresentant Elisabeth Aspaker frå Høgre fylkespolitikarane i Nord-Norge om å arbeida for ein stor nordnorsk region. På same bakgrunn oppfordrar leiaren i avisa Firda Tidend frå Sogn og fjordane politikarane til heller å arbeida innanfor dei ramane som fylkeskommunen gjer.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Regionreforma.

Bibliotekpolitikk i Sverige og Danmark Bibliotekutgreiinga i media

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

september 2006
M T O T F S S
« Aug   Okt »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
252627282930  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: