Bibliotekpolitikk i Sverige og Danmark

september 23, 2006 at 6:29 pm 2 kommentarar

På måndag skal ABM-utvikling legge fram bibliotekutgreiinga, kva skjebne den får i politikken gjenstår å sjå. Sidan eg nett har vore på ei lita rundreise i Skandinavia, dvs. eg mellomlanda på Kastrup på vei heim frå bok- og bibliotekmessa i Göteborg. Ei messe som kvart år har ei rekke gode bibliotekpolitiske seminar. Norge er påfallande dårleg representert på med stand på messa, Sør-Vestlandet var likevel tilstades med fire «organisasjonar». Det var kultushovudstadsatsinga Stavanger2008, det var fribynettverket ICORN det var Sølvberget, Stavanger kulturhus med «Gjestfrihetens kunster» og det var sjølvsagt Rogaland fylkesbibliotek med Mangfold2008.
Det var altså denne reisa som gav meg inspirasjon til å lage ei ekstrautgåve av politisk kalender med aktuell bibliotekpolitikk i Sverige og Danmark som tema.

Sverige

I den Svenske valkampen segla bibliotek opp som ei viktig sak, den store diskusjonen var knytte til biblioteklova si framtid. Moderatarna (Høgre) gjekk ut og ville oppheve lova slik at bibliotek kunne privatiserast og bli betaltenester. Dette blei tilbakevist av bibliotekaktivistar frå fleire hald. Det ser nå ut til at den nye borgarlege regjeringa ikkje vil endre lova i denne retninga. Noko som den svenske bibliotekforeninga sjølvsagt er nøgde med. Korleis den nye svenske regjeringa vil vidareføra kulturpolitikken gjenstår fortsatt å sjå. Det er ikkje tvil om at det er biblioteka si inntreden på den politiske agendaen under valkampen som førde til at Dagens nyheter dagen før opninga av bok- og bibliotekmessa hadde fylgjande oppslag om bibliotekarane «Det räcker inte att säga: schh!«
Den Svenske fagrørsla har det siste året vore kjend i det norske bibliotekmiljøet på grunn av arbeidet med arbeidsplassbibliotek på vegkrogane. Det som er mindre kjed at det er LO sine undersøkingar om medlemane si bruk av internett og om lesing som legg grunnlaget for mykje om debatten om desse emna i grannelandet.Danmark
Dei danske folkebiblioteka viser vegen seier den danske bibliotekforeininga. I Danmark har den borgarlege regjeringa fått lov til å holde på nokre år. Det merkes på kommuneøkonomien og talet på bibliotekfilialar fell. Det kan brukas til å styrke dei enkelte einingane i fylgje Berlingske Tidende, ikkje alle er einige med dei i det, dei som protesterar meiner at bibliotekfilialane er viktige for lokalsamfunna. I avisa Politikken funderer dei òg over kva rolle dei lokale biblioteka kan spele i lokalsamfunnet når terrorpolitiet er ute og arresterar ungane til naboen din i jakt på terroristar.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender, Sjølvskryt.

Mini reform? Bibliotekutgreiinga lagt fram -regionalmeldinga utsett

2 kommentarar Add your own

  • 1. SK 36/06: Regional konsolidering « Plinius  |  oktober 1, 2006 ved 7:41 pm

    […] Bibliotekreform 2014 går inn for en konsolidering av de mindre folkebibliotekene. Hva betyr dette i praksis? I Danmark står kommunene akkurat nå midt i en stor sammenslåingsprosess. Der diskuteres filialenes framtid heftig (se Svein Arne Tinnesand. Bibliotekpolitikk i Sverige og Danmark og avisklipp 22.-28. september). Ved kommunesammenslåing blir det jo færre hovedbibliotek og flere filialer. […]

    Svar
  • 2. November « Politisk kalender  |  oktober 31, 2006 ved 6:20 pm

    […] Politikken Etter ein heller lang pause, så er Stortinget i gang med politiske arbeidet sitt. Nokon av oss lurer av og til på kva som får stortings og regjeringspolitikare til å gjere akkurat det dei gjer i enkelte saker. I ein kommentar i Nationen blir ein del av dei utspela me nå ser både frå opposisjon og posisjon for “Tabloidpolitikken“. Rune Håndlykken som har arbeida med lokale kulturhus i ei årrekkje viser i ein kronikk i same avisa korleis kulturpolitikken følgjer dei same mekanismane. Sentrale politikare kan sole seg i glansen av eit nytt prestisjebygg i Stavanger men skjønner ikkje heilt korfor me ska bruka pengar på bruksbygg i Vindafjord. Nokon politikare er meir effektive enn andre, svenske el-kulturministaren Cecilia Stegö Chilò blei ikkje sittande lenge. Ho rakk likevel å gjeninnføra brukarbetalinga på musea. Eg har i ei tidligare utgåve av kalenderen vist til at betalbibliotek blei eit heitt tema i den svenske valkampen.Kommunane KS uttalar seg om statsbudsjettet. Sjølv om organisasjonen sjølvsagt har kritiske merknader til budsjettet så er tonen overraskande dempa. Det skyldes nok òg at det ikkje berre er overføringane i statsbudsjettet som tel for kommunane sin økonomi. Til dømes auka verkemidlar i distriktspolitikken. Det er ikkje utan grunn at den øvste administrative leiaren for kommunane har den lite kjønnsnøytrale tittelen rådMANN, nå har KS satt i gang eit arbeid for å rekruttere fleire kvinner i disse stillingane . Regjeringa og dei viktigaste organisasjonane i kommunesektoren har satt i gang eit nytt kvalitetsprogram for kommunane. Kan det vere verkemiddelet for å få gjennomført strukturendringane som er foreslått i bibliotekutgreiinga?Danske kommunar har vært gjennom […]

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

september 2006
M T O T F S S
« Aug   Okt »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
252627282930  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: