Archive for september 11, 2006

Mini reform?

Professor Tor Selstad ser i Kommunal Rapport for seg at regionreforma kan bli ei «mini-reform» . Det kan godt hende, eg har fleire gangar påpekt at, skal ein vite kva som er mogleg og realisere innafor den politiske røyndomma så liknar det meir på NOU 2000 : 22  enn på det arbeidet Selstad gjorde i utgreiinga «sterke regioner» . Synd kan hende, men slik er det nok. Forrige gang maktfordelinga mellom dei ulike forvaltningsnivåa var under endring,  blei det stoppa av dåværande Kommunalminister Erna Solberg. I fylgje Kommunal Rapport ser det ut som at ho har planar om på stoppa det denne gangen òg.

Fornyingsministaren Heidi Grande Røys held stadig innleiingar rundt om i landet om forvaltningsreforma, sist på kommunalkonferansen i Bodø 7. september. Her seier ho seier mange fine ord om folkestyre og om de folkevalde regionale organa. 

Eit av dei meir vellukka regionale oppgavene fylka har hatt ansvaret for er Den kulturelle skulesekken. Nå føreligg evalueringa frå NIFU-Step og på det viset vil òg vidareutviklinga av skulesekken vere knytta opp mot regionreforma.

september 11, 2006 at 7:14 pm Kommenter innlegget


Kalender

september 2006
M T O T F S S
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
252627282930  

Posts by Month

Posts by Category