September

september 1, 2006 at 4:50 pm Kommenter innlegget

Økonomi
Statsbudsjettet skal snart leggast fram og regjeringspartia prøver å finne ut korleis «alle» kan vinna. Ein ting dei har krangla om i fylgje rykta er kommuneøkonomien, men nå er dei endeleg blitt samde. I følgje tal frå SSB så har kommunane hatt ei formidabel auke i sine inntekter det siste halve året. I tilegg har kommunane og hatt og har ei sterk auke i kraftinntektene. Dette har fått enkelte medium til å spekulera i om kommunane får behalde inntekta si det vil dei gjere i fylgje regjeringa. Sjølv KS-organet Kommunal rapport har fått med seg at kommunane nå har betre økonomi men det kjem sjølvsagt ikkje til å vare.

Overvakinga
Overvaking er eit stridstema både i Sverige og på Tønsberg bibliotek. Artikkelen om badeplassen «Gamlingen» i Stavanger i nettleksikonet Wikipedia, kan vel ikkje kallas for overvaking, men for reint vås. Sjølv om mange likar nettdugnaden rundt Wikipedia svekker slike oppslag truverdet til prosjektet.

Politikken
Medan osloavisa Aftenposten melder at Frp skal få seg kulturpolitikk, er Ap i Elverum splitta i synet om kor det nye biblioteket i Elverum skal plasserast. Ein ny rapport syner at demokratiet blir svekka når verksemder blir lagt inn i interkommunale selskap. Om det er denne rapporten som kjem til å gi nådestautet til IKS-organisering gjenstår å sjå, men den kan vera ei bremse på den politiske iveren til å oppretta interkommunale selskap.  Mykje mot politikarene si vilje er også trenden med nedlegging av skular rundt om i landet  . Ei utvikling som og har si parallell i bibliotekverda. Ikkje bere ungane men og gamlingane skal ha tilgang til kultur, meiner regjeringa. Kan det vera for å komma ein eventuell ny kulturpolitikk frå Frp i forkjøpet?

Biblioteka
Landets yngste biblioteksjef meiner at han har fått eit greitt budsjett. Betring i budsjettet sitt har også ei av veteranane i Rogaland fått etter ti år med svært tronge tider har biblioteket i Eigersund endeleg råd til å opna på måndagen. Om KOSTRA tala vil gje seg utslag i betre budsjetter er ikkje sikkert, det som er sikkert er at forslaga arbeidsgruppa for bibliotekstatistikk er godt mottekne hos SSB . Det vil i allelfall gje oss betre styringsverkty i folkebiblioteka og kommunane.  Syphilia Morgenstierne har avslutta sommarens gjennomgang av innkjøpsordninga med ein kronikk i osloavisa Aftenposten. Medan fangane i norske fengslar er glade for å lese bøker frå fengselsbiblioteket, er det også arbeid i gang for å satse på utlån av kunst. Sjølve rapporten frå ABM om kunstutlån ligg og ute på nettet.

Statistikk
Svenskane har publisert bibliotekstatistikken for 2005. Svensk biblioteksforening har laga ein regional oversikt under den tankevekkande overskrifta «Regionala förutsättningar för kunskapssamhället«. Ein liten godbit frå grannelandet der altså medan me ventar på at den norske statistikken skal bli klar.

Boblarar
I september kjem forslaget til ny kulturlov på bordet. Den nittande i denne månaden skal bibliotekutgreiinga overleverast til departementet den fjortande er eg med og arrangerer seminaret «Er bibliotekene egentlig så nøytrale som vi liker å tro?» .

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender.

Ny uvisse om reforma Mini reform?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

september 2006
M T O T F S S
« Aug   Okt »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
252627282930  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: