Ny uvisse om reforma

august 23, 2006 at 7:24 pm Kommenter innlegget

I det nordiske tidsskriftet om regionalisering Grãnsbrytning uttalar regionråd Irma Görtz  at ho ikkje trur at staten ynskjer å overlate regionpolitikken til regionane.

Ordskiftet i Norge nå like før regionmeldinga skal offentleggjerast går mykje på dei same problemstillingane. På slutten av summaren var overskrifta over nesten heile framsida til Kommunal Rapport at «Regionplan kan sprekke», medan Kommunalministeren som blei intervjua  i magasinet Aktuell som blir gitt ut av dei statstilsette i LO i Juni, var klar på at reforma skulle settast ut i livet. Bt.no lar seg ikkje roe ned av ministaren, leiaren 15. august har tittelen «Mot regionflopp».  Same dagen har leiaren i dt.no tittelen «Kaotisk om regionreformen».  Det er ikkje bare redaktørane som er skeptiske, det same er fagfolka i fylgje ein artikkel i Oslo-avisa Aftenposten om at «Haga-reform refses», ein nyheit som og blir følgt opp av nynorskutgåva av Neste klikk  under overskrifta «Haga får kjeft for regionane» . Fjordabladet kritiserar på leiarplass politikarane for at dei ikkje har kome lenger i debatten om kva regionreforma eigentleg skal innebere. Nationen som er den avisa som kanskje skriv mest om reforma har og ein kritisk vinkling på leiarplass under overskrifta «De vanskelige regionene»  som er meint som ein kommentar til oppslaga i same avis om at «Haga får kjeft fra sine egne» og «Ap-misnøye med Haga».

All denne forvirringa om regionreforma som nå rår og det faktum at helseføretaka ikkje blir omfatta av reforma tyder på fleire ting. Det eine er sjølvsagt at det er ei vanskeleg reform som nå skal gjennomførast. Det andre er at i alle parti frå SV til Framstegspartiet så er det djup usemje om kor omfattande reforma skal vere. I eit slikt perspektiv er det lett og førestilla seg at det som skulle vere ei grunnleggande reform blir nokre kosmetiske endringar på overflata.

Advertisements

Entry filed under: Regionreforma.

Kor store, og kor mange regionar? September

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

august 2006
M T O T F S S
« Jul   Sep »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: