Kor store, og kor mange regionar?

august 2, 2006 at 7:15 pm Kommenter innlegget

Fylkesordførarane trur at samanslåing av fylka til større regionar må skje med tvang, det er konklusjonen i ei kartlegging NRK har gjort. Nokre få månader før regionalmeldinga skal leggast fram uttaler kommunalministeren til NRK i Sogn og Fjordane at ho ventar bråk når meldinga kjem. Ikkje minst skyldast det at fylke som t.d. Sogn og Fjordane vil vere eigne regionar. Tidligare fylkesrådmann Svein Lundevall i same fylket trur likevel at fylkesidentiteten er svekka og at større regionar vil vere svaret på denne svekkinga. Kor store og kor mange regionar som skal etablerast har fram til nå vore fortrengt frå regiondebatten. KS har snakka om ca. syv til ni regionar i sine vedtak. Medan oppgåvefordelingsutvalet i NOU 2000: 22 landa på eit tal mellom 10 og 15 regionar. I Aftenposten den 29.7 ser det ut som at Åslaug Haga òg landar på det same talet som NOUen i si tid gjorde! I nord konkluderar leiaren i avisa «Fremover» at dei ønskjer at regjeringa tar ansvar og at dei i utgangspunktet vil ha ein Nordnorsk region. I ein leiar i Stavanger Aftenblad (som ikkje er lagt ut i nettutgåva) seier redaktøren seg einig med statsråden når det gjeld antall og storleik.Det viktigaste for ei vellukka regionreform er likevel ikkje storleiken på regionane, men kva regionane skal styre med. Sjølv er eg ikkje sikker på at sentrale (sektor-) politikarar er villige til å overføre makt til eit anna folkevald nivå.

Advertisements

Entry filed under: Regionreforma.

August Ny uvisse om reforma

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

august 2006
M T O T F S S
« Jul   Sep »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: