August

august 1, 2006 at 5:07 pm Kommenter innlegget

Fornying
Den danske bibliotekstyrelsen har fått konsultfirmaet «Mandag morgen» til å laga rapporten «Det innovative bibliotek«. Mandag morgen som m.a, infører omgrepet «Det innovative samfunnet». I likskap med liknande analysar frå ulike konsulentselskap synes eg nok at det blir lite nytt når det gjeld bruk av digitale tenester, globalisering m.v. Ei svensk undersøking om bruk av bibliotek viser at biblioteka blir brukt av utdanningssøkande på alle nivå òg av grunderer som ynskjer seg meir kunnskap. Altså ein lekk i det innovative samfunnet. Fredrikstad blad si nettutgåve presenterer biblioteket under tittelen «Kunnskapshuset» . Korleis styresmaktene kan medverke til bibliotekutvikling er tema i siste utgåve av det fellesskandinaviske bibliotektidsskriftet SPLQ.

Bibliotektilsette
På tross av at biblioteka kan melde om godt besøk, så er det fylgje samordna opptak færre som vil bli bibliotekarar. Ein som likevel vil arbeide i bibliotek, er Helge Ole Bergesen som nå er tilsett som ny sjef på Sølvberget i Stavanger. Det skal bli spanande å sjå kva retning han vil vidareutvikle Stavanger bibliotek. Dei tilsette ved biblioteket i Elverum er klare i si tale ( som privatpersonar) – Det nye biblioteket må liggje i Elvarheimsparken uttalar dei til Østlendingen.

Internett
Våre vener i nettorganet «Liberaleren» er stadig på hogget for å avsløra biblioteka si konkurransevridande effekt. Denne gangen er det biblioteka sine internettenester som får gjennomgå, sjølv om dei verker litt enkle disse liberalistane så ligg det eit poeng her. Om biblioteka skulle finne på å tru at dei skulle tene pengar på disse tenestene så måtte me nok seie frå oss den offentlege finansieringa.

Eg veit ikkje om det er anda frå «USA PATRIOT ACT» som påverkar politiet til å krevje overvaking av publikums PC «ane på Tønsberg bibliotek. ABM-utvikling stiller seg avvisande til framlegget.

Korleis skal biblioteka arbeide med nettressursar. Moss-avis presenterer eit samarbeidsprosjekt frå Østfold «Alt om Rygge på ett nett«. Bak prosjektet står den kjende frilansar og bibliotekaktivist Anders Ericsson som og har laga ein blogg om prosjektet «biblioteket tar saka». I same aktivistiske stil fylgjer Ericsson òg opp med eit nytt prosjekt kalla «BibliotekRollyoNO«.

Etter at «MinSide» har blitt utsett fleire gangar, lovar nå statsråden at dei skal finne fram til ei ny løysing på dette viktige digitalisringsprosjektet.

Økonomi
Stadig færre kommunar er i ROBEK-registeret.Noko som tyder på at kommunane har fått betre råd. Nå har departementet òg lagt fram berekningane av inntektene for kommunane i inneverande år. På tross av at kommunane får betre råd så fortsett arbeidet med økonomisk omstilling, i fylgje avisa Fremover kan det gå hardt utover medarbeidarane i kommunen. Mange kommunar har stor tro på at interkommunalt samarbeid skal kunne gi auka handlingsrom, nå vert høvet til slikt samarbeid utvida. Om slikt samarbeid gjer gevinst er neppe sikkert. Fornyingsdepartementet har under tittelen «Det koster å vite for lite«, satt i gang eit arbeid for å finne ut kva økonomisk effekt ulike tiltak har i det offentlege.

Vegbibliotek
I sommar har tankane om arbeidsplassbibliotek for lastebilsjåførar vore lufta i media. Det kan vere på tide at me ser over til grannelandet vårt i aust der arbeidsplassbibliotek i lengre tid har vært på dagsorden. Ei anna form for bibliotektenester som bør høgare på agendaen kan òg vere pasientbiblioteka i alle fall om me skal tru artikkelen i den nye nettavisa om litteratur, www.bokavisen.no.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender.

Innkjøpsordinga under debatt Kor store, og kor mange regionar?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

august 2006
M T O T F S S
« Jul   Sep »
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: