Juli

juni 18, 2006 at 7:22 pm Kommenter innlegget

Kommunane
Økonomien i kommunane har det siste året vist teikn til betring. KOSTRA tala viser og at
kommunane gjekk med driftsoverskodd i fjor. I Sarpsborg melder politikarane om ein kulturpolitisk offensiv på grunn av lysare tider. Nå er det likevel ikkje berre rosenraudt i kommune-Norge, Kommunal rapport meldar om nær ein milliard i budsjettsprekk i kommunane så langt i år. I Horten blir bibliotekbudsjettet presenter under overskrifta "Et trist kapittel i Tønsberg blad.

Kunnskapssamfunnet
Då skulestatistikken blei levert frå SSB og Utdanningsdirektoratet, nytta den nyliberalt orienterte journalistikken høvet til å sjå på kor mykje karakterane i den einskilde skule kostar .Norske barn les betre enn før melder NTB, noko som tyder på at satsinga på lesing kan ha hatt noko for seg. Ved høgskolen i Bergen satsar dei på barnelitteratur . Medan regjeringa satsar på at dei skal lykkast på same måte med realfaga. I eit lesarinnlegg i Østlandsposten etterlyser Janne-M. Fiske Susanne B. Bolstad skulebiblioteka i Kunnskapsløftet.

Innkjøpsordninga
Ordskiftet om innkjøpsordninga held fram i Aftenposten. Nå er det
forleggaren, leiaren av NBF og seksjonsleiaren i kulturrådet som forsvarar ordninga mot kritikken frå Syphilia Morgenstierne.

Nettet
I Danmark fortsetter debatten om internettfilter på folkebiblioteka. I Norge er det Aetat som sørgjer for å sensurera kulturtidsskrifta i fylgje Østlandsposten.
Medan EU er opptekne av at fleire skal ha tilgang til internett, er norske Høykomòg opptatt av innhaldet og bruker pengar på filmsatsing der m.a. folkebiblioteka er deltakarar.
I diskusjonen om Wikipedia oppfordrar kritikarane folk til å bruka biblioteka. Fylkesbiblioteksjef Lisbeth Tangen i Sør-Trøndelag konkluderar og med at kunnskapen på biblioteka har klare fordelar i forhold til søkemotorar i artikkelen "Bibliotek vs google" i Adressa.no.

Bibliotekutgreiinga
Referansegruppa  for bibliotekutgreiinga har hatt sitt siste møte den 6. og 7. juni. Medan me ventar på at ABM-utvikling  si arbeidsgruppe skal gjere ferdig skrivearbeidet og levere det til Kulturdepartementet den 19.september, kan ein nytte høvet til å lesa gjennom innspela og delutgreiingar som arbeidet med utgreiinga har ført med seg.

Statistikk
Nå føreligg tala frå SSB om aktiviteten i fag- og forskingsbiblioteka i 2005 . Me må nok ennå vente ei stund på dei samla tala frå folkebiblioteka, men Rogaland fylkesbibliotek har lagt ut ein førebels folkebibliotekstatistikk for eige fylke. Tord Høivik har på sin blogg Plinius analysert statistikk tala for fylkesbiblioteka for åra 2000 – 2004 , der konklusjonen er. Dette kan ha to forklaringer: 1. fylkesbibliotekene er svært ineffektive 2. fylkesbibliotekene leverer andre tjenester enn utlån. Heldigvis for oss på fylkesbiblioteka så landar forfattaren på punkt 2.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender.

Stortingsmelding, stat og SV-landstyre Innkjøpsordinga under debatt

Kommenter innlegget Add your own

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

juni 2006
M T O T F S S
« Mai   Jul »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: