Stortingsmelding, stat og SV-landstyre

juni 17, 2006 at 2:37 pm 2 kommentarar

Fredag la Statsråd Åslaug Haga fram stortingsmeldinga «Hjarte for heile landet – Om distrikts- og regionalpolitikken» . Det gjorde hun på Næroset i Ringsaker, av mange betre kjent som «Lucky Næroset» . Kommunaldepartementet har òg oppretta ein nettstastad med dekknamnet Regionalpolitikk.no der saker om regional- og distriktspolitikk er samla. I ein kronikk i Nationen med tittelen Disneyland og Vestfossen, skriv Mariann Villa og Gro Follo som er forskare ved Norsk senter for bygdeforskning om «Lucky Næroset» og liknande fenomen. Eg kunne ønske meg eit ennå meir kritisk forskningsblikk på denne formen for bygdeutvikling. Er det slik at suksesshistoriane i avisene om Pajala og Berlevåg er sanne, eller er dei ein del av det same?

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har mellom anna ansvaret for den statlege organiseringa. Deira rolle under arbeidet med regionreforma vil m.a. være å endre på dei regionale statlege organa slik at disse er tilpassa reforma. I samband med dette har departementet fått laga ein NIBR rapport om samordningsproblema mellom etatar, fylker og kommuner, ”Den regionale stat – enhet og mangfold”. I samband med framlegginga av denne rapporten så held Statsråden Heidi Grande Røys ein tale om forvaltingsreforma..

SV handsamar regionreforma på sitt landstyremøte denne helga. Dei har eit forslag frå kommunalfraksjonen eit notat om innspela og forslaga som har komme inn i løpet av debatten. I tilegg har partisekretæren komme med eit eige forslag i denne saka. Eg har tidligare vore inne på den usemja som har vore og i SV om denne saka. Sv sitt vedtak om reforma blei slik «Sterke regioner for framtida». Nå skal det fattast vedtak i alle tri regjeringspartia og stortingshandmeldinga skal komma til hausten.

Advertisements

Entry filed under: Regionreforma.

Distrikts- og regionalpolitikk Juli

2 kommentarar Add your own

  • 1. Svein Arne  |  juni 21, 2006 ved 5:15 pm

    Følgande innlegg er sendt ti SV si debattliste for folkevalde SV-folk:

    I sitt vedtak om forvaltningsreforma: «Sterke regioner for framtiden» har SV sitt landsstyre fatta fylgjande vedtak om kulturpolitikken:

    «Norge er et lite land og trenger en sterk nasjonal politikk når gjelder ansvaret for lovgiving, planlegging og arbeidsdeling på kunst og kulturområdet. Det er et nasjonalt ansvar at alle skal ha rett til å oppleve kunst og kultur på et høyt nivå. Det er også et mål å sikre «armlengdes avstand-prinsippet», det vil si å sikre kunstnerisk frihet og faglighet med så lite byråkrati som mulig. Riksteateret og Rikskonsertene er eksempler på at spisskompetanse samles i en nasjonal institusjon, med formål å sikre tilgjengelighet av kunst av høy kvalitet og kulturelt mangfold i hele landet.»

    Eg har sjølv med ulike høve deltatt i ordskiftet om reforma og arbeider sjølv innanfor kulturfeltet. Difor har eg nesten aldri brukt tid på å snakka om kulturpolitikken i samband med reforma: Det var på ein måte så opplagt at her fans det svært gode grunnar til både spreie midla i form av pengar og spreie makta. Er det noko så ville vere sikkert så var det at framtidas regionar skulle vere i stand til å forvalta, skape og utvikla eit breitt og levande kulturliv utan sterke nasjonal-paternalistiske føringar.

    Men, nei da. Ikkje i SV, her i garden gjeld å sørgje for at alle får alt av det gamle så ingen nye tankar trenger seg inn gjennom grinda. Det som er så sørgjeleg og litt rørande er at alle tankar så kjem til uttrykk i vedtaket ikkje berre er feil i eit regionalpolitisk perspektiv de er òg feil i kulturpolitisk perspektiv.

    Vedtaket byrjar med setninga: Norge er et lite land og trenger en sterk nasjonal politikk når gjelder ansvaret for lovgiving, planlegging og arbeidsdeling på kunst og kulturområdet.

    Nei, Norge er ikkje eit lite land. Norge er eit stort land der det har vært langt frå nord til sør og langt frå aust til vest. Dette har gjort at den norske kulturen fyrst og fremst har blitt framstilt dom ein stabbur- og ski- og kultur, medan stor deler av fiskar- bonde- og reingjetarkulturen har vært haldt utanfor det nasjonale.

    Nå har likevel ein del av den nasjonale kulturen blitt «regionalisert», det er gjennom overføringa av ansvaret og midlane for den samiske kulturen til Sametinget. Dette har ført til at samisk kultur nå gjer seg utrykk m.a. i form av ei rekke med bokbussar, festivalar, filmar og bøker, samt at dei samiske språka brukast i ulike samanhenger som aldri før. Meiner verkeleg fleirtalet i landstyret at denne regionaliseringa har vært til skade for den nasjonale kulturen?

    Resten av setninga blir like meiningslaus, nå har me til alle tider hatt ein nasjonal kulturpolitikk, likevel har det aldri vært styrken i denne politikken som har vært drivkrafta på det kulturpolitiske feltet. Lovgjeving er sjølvsagt ei oppgåve for parlamentet, men kor mange lovar treng me eigentleg på kulturområdet. Planlegging, kva meiner landstyret med planlegging på kulturfeltet. Og kva meines med arbeidsdeling? Er ikkje arbeidsdeling på kulturfeltet fyrst og fremst eit anna ord for revirtenking?

    Den andre setninga fylgjer opp med: Det er et nasjonalt ansvar at alle skal ha rett til å oppleve kunst og kultur på et høyt nivå. Det er altså eit nasjonalt ansvar. Kva virkemiddel kan nasjonen då bruke? Det einaste nasjonale verkemiddelet som kan brukast er lova. Lova kan påby t.d. kommunane å sørgje for at det finnes bibliotektenester i heile landet. Kommunane og regionane kan påleggast å ha eit kulturtilbod til alle. Staten kan ikkje, og vil neppe gi eit slikt tilbod til alle i heile landet, med mogleg unntak for NRK-radio.

    Den neste setninga fylgjer opp med: Det er også et mål å sikre «armlengdes avstand-prinsippet», det vil si å sikre kunstnerisk frihet og faglighet med så lite byråkrati som mulig.

    Fleirtalet i SV sitt landstyre meiner altså at armlengds avstand er det same som statsstyrde institusjonar og sentral overkjøring av regionale og lokale satsingar? At kampen mot byråkrati er det same som å styrka departementsmakt, riksinstitusjonar og direktorat?

    Siste setninga i avsnittet lyder: Riksteateret og Rikskonsertene er eksempler på at spisskompetanse samles i en nasjonal institusjon, med formål å sikre tilgjengelighet av kunst av høy kvalitet og kulturelt mangfold i hele landet.

    På grunn av «spisskompetanse» så har ein institusjon som Riksteateret fått færre og færre speleplassar rundt om i landet. I Rogaland spelar riksteateret på fire plassar, kor ein av de har profesjonelt statleg støtta teater frå før og to ligg mindre enn ti minutters reiseveg frå dei regionale teatra. Alle skjønner at eit teater med 67 speleplassar rundt om i heile landet og ein eigen inngang på nettsida si der det står «Riksteatret spiller i Nydalen i Oslo» er naudsynt for at alle i landet skal kunne ha gode teateropplevingar.

    I motsetnad til Riksteateret gjer Rikskonsertane konserttilbod i alle landets kommunar, det har dei organisert på fylgjande vis. Halvparten av konsertane blir produsert av staben i Oslo som tilsaman har 57 tilsette og halvparten av konsertane blir produsert av dei 19 fylkeskommunane som tilsaman har 24 tilsette til dette føremålet. Samtidig har Rikskonsertane klart og organisera den regionale verksemda si slik at produsentane er knytta til fylkeskommunen (for dei kan kultur?) medan turneleggjarane for konsertane er knytta til fylkesmannsembedet. (Var det ikkje ei setning om at me skulle sikre oss » med så lite byråkrati som mulig», i dette vedtaket).

    Resten av kulturvedtaket frå landstyret er ei opplisting på det dei kallar eksempler på kva regionane kan «overta». Det vil nok vekke jubel i kommune- og regionalstyra at SV er vil gi frå seg sentralstaten si makt over tilskudd til lokale musikktiltak, festivaler med regionalt og lokalt opphav og forankring, utstillingsstøtte og regional spillestedstøtte. Når det er gjort så meiner nok fleirtalet i landstyret at resten av kulturlivet bør blr styrd av dei som har greie på det, og ikkje av dei som skal bruka det.

    Svar
  • 2. Omkamp om regionane? « Politisk kalender  |  mai 20, 2007 ved 1:18 pm

    […] Sjølv har eg tidligare påpeka at det på kulturområdet kan vere mykje meir å hente når det gjeld overføring til regionane. Dette har det ikkje vore oppslutnad for i SV som i si tid gjorde dette vedtaket om reforma. Et vedtak eg tidligare har meint er for svakt. […]

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

juni 2006
M T O T F S S
« Mai   Jul »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: