Forvirring om regionreforma

mai 30, 2006 at 6:22 pm Kommenter innlegget

Motstanden mot regionreforma spreiar seg til Ap og SV heiter det i ein artikkel Nationen. Det kraftigaste utspelet kjem frå SV sin stortingsrepresentant frå Finnmark Olav Gunnar Ballo, som i eit debattinnlegg i VG tar avstand i frå reforma i fylje oppslaget. I fylgje den same avisa møter Ballo og dei andre regionmotstandarane, storm frå regiontilhengarane. Fylkesordførar Torill S. Nyborg frå KrF i Hordaland meiner at med fyrst og fremst må ha store regionar, som skal vere parallelle med storleiken på helseregionane. Medan Dagfinn Sundsbø som er stortingsrepresentant for Senterpartiet meiner at regionreforma er ei distriktsreform og at Senterpartiet er garantisten for det. Slik debatten nå går blir det fritt fram for regionmotstandarane å så tvil om heile reforma. Stortingsrepresentant Bent Høie meiner t.d fylkespolitikarane har for stor innflyting over debatten om regionar.leiarplass krev Kommunal Rapport ei avklaring på kva oppgåver dei nye regionane skal ha. Dette kan synast fornuftig. Nå ser det ut som dei ulike debatantane blandar i saman oppgåver og storleik utan vidare. Det er det viktig å unngå fordi dei to tinga høyrer ikkje saman. Det er sjølvsagt ikkje slik at om ein slår saman to fylker så gir det dobbelt så mykje makt. Det er ikkje utan grunn at Oppgavefordelingsutvalet i NOU-22 i 2000 landa på et tal på regionar på mellom 10 og 15. Dette var eit bredt samansett utval som vurderte dette i eit heilskapeleg perspektiv. Professor Tor Selstad landa landa i si utrgreiing for KS på sju regionar. Kven som har rett når det gjeld framtidig storleik, professoren som på fritt grunnlag kan finne opp Norgeskartet på nytt eller utvalet som arbeida med dette ut frå ei realistisk ståstad, det vil framtida syne. Det som er viktig nå er å sjå på kva skal dei nye folkevalde regionane ta hand om for utviklingsoppgåver. Noko t.d. tidligare leiar av «Distriktskommisjonen» Johan B. Barlindhaug skriv om i Rogaland i Utvikling, der han seier at dette er meir enn ei utvida fylkesreform. Det same meiner eg òg fylkesbiblioteksjefkollegiet gjer i sitt brev til regjeringspartia sitt rådslag om regionreforma, men der er eg nok litt inhabil.

Biblioteka må nok arbeide vidare med regionalpolitikken når den varsla stortingsmeldinga om regionar blir lagt fram til hausten. Sjølv er utnemd av hovudstyret i NBF til å leia foreininga si arbeidsgruppe om regionreforma og vil gjere mitt for å halda debatten i gang.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Regionreforma.

Juni Distrikts- og regionalpolitikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

mai 2006
M T O T F S S
« Apr   Jun »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: