Juni

mai 24, 2006 at 7:02 pm Kommenter innlegget

Kommunane
Kommuneøkonomiproposisjonen  er nå lagt fram, kommunane aukar sine inntekter med 2,5 milliard kronar i frie midlar til neste år. KS fylgjer opp med ei eiga side om saka . I det daglege lurer ein gjerne på om det politiske fleirtalet i einskildkommunar gjer forskjell. Nationen har undersøkt kva Frp-styrde kommunar prioriterer. Dei kuttar i kultur, kunst og barn- og unge og satsar på eldre, akkurat som dei har lova altså. Rådgjevingsbyrået Agenda har òg undersøkt kommunebudsjetta, og gir dei terningkast.

Kampen om folkebiblioteket føregår i kommunane, ofte handlar det om filialar. Så også i Horten. Det spennande denne gangen var at det blei stilt
nokre spørsmål om kva rolle biblioteket skal ha i lokalsamfunnet, noko som å kan vere et apropos til Robert Putnam sitt foredrag på Høgskolen i Oslo .
Lokalpolitikarane i Horten vedtok dessutan å redda biblioteket i Åsgårdstrand. Nokon som derimot er kritiske til biblioteketablering, er sentrumsforeningen i Elverum. Nei, det er klart eit tilbod som rekk ut til halve folket kan det ikkje være attraktivt å ha i nabolaget.

Revidert statsbudsjett
Revidert er ikkje det viktigaste dokumentet for folkebiblioteka . Nokre tall kan likevel nemnast: "50 millioner til digitale læremidler" i Kunnskapsdepartementet.
"Styrking av bibliotektjeneste i fengsel" i Kultur- og kirkedepartementet. "50 millioner mer til bredbånd" i Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Nettet
Internettfilter på bibliotek har vært oppe til debatt fleire gangar. I Danmark har nå kulturministaren foreslått at biblioteka skal sette opp slike filtre . Papiravisene døyr skriv Dagbladet Tord Høivik drøftar på sin blogg Plinius kva det tyder for biblioteka . Den same Tord Høivik har òg laga ein oversikt over kva bibliotekbloggar som finnes i Norge for tida. Send tips til Tord om du veit om fleire! E-bøker var svært langt framme i ordskiftet
for nokre år sida, så blei det stille.  I Sverige ser det ut til at fenomenet lever .

Litteraturpolitikk
Lyrikken sin plass i innkjøpsordninga har vært i vinden den siste månaden. Det starta med at NRK hevda at kulturrådet vurderte å halvera innkjøpa av lyrikk . Dette fikk forfattarane i Nord-Norge til å oppfordra til handling og leiaren i forfattarforeininga Anne Oterholm til å skrive kronikk i Dagbladet. Medan dei samiske forfattarane krev ei eiga innkjøpsordning for samisk litteratur, så har anarkist og forleggar Syphilia Morgenstierne markert seg som motstandar
av heile innkjøpsordninga
i eit innlegg i Aftenposten. 

Statistikk
Medan me ventar på skolebibliotekstatistikken frå ABM-U kan ein lese den utrettelege Tord Høivik sine artiklar om statistikk . Det er ein sann svir, og det
beste av alt er at Høivik, SFP og Fagforbundet nå er i ferd med å lykkast i å presse statistikken høgare opp på den politiske agendaen!

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender.

Ordskiftet om regionreforma Forvirring om regionreforma

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

mai 2006
M T O T F S S
« Apr   Jun »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: