Mai

mai 7, 2006 at 4:11 pm Kommenter innlegget

Kommunane 
Det er lita tvil om at aukinga til kommunane på fjorårets statsbudsjett var eit viktig løft for ein sektor som har vore forsømd lenge. Nå seier kommunalministeren at ho vil halde fram med å bruke meir pengar på kommunane . Nå aukar òg skatteinntektene monaleg i kommunesektoren. Det vil òg vere med på å auke det økonomiske handlingsrommet i kommunane ennå meir.

Lokaldemokratikommisjonen har lagt fram si andre utgreiing . Målet for utgreiinga er å styrka den demokratiske legitimiteten til kommunane. Om det kjem noko nytt ut av dette arbeidet, gjenstår å sjå. Kommisjonen spriker i ulike retningar når det gjeld nye demokratitiltak. Sjølv om manglande legitimitet òg har vore eit argument i ordskiftet om kommunesamanslåing så syner ei evaluering av kommunesamanslåingane dei siste åra at disse har vore vellukka. For at kommunane skal utviklast er det naudsynt at folk blir buande. Den siste undersøkinga over flyttemønster tyder på at folk flyttar som aldri før.

Litteraturpolitikk 
Undersøkinga til forleggarar og bokhandlarar viser auka lesing etter at den nye bokavtala trådte i kraft. Samstundes er det stadig diskusjon om kor godt innkjøpsordninga verkar. Nokon som stiller krav til ei betre ordning er Tidsskriftforeningen. Ei utvida innkjøpsordning kan bli ei felles sak for tidsskriftprodusentane og biblioteka. Samtidig pågår det ein debatt i osloavisa Aftenposten om korleis Kulturrådet som m.a. forvaltar innkjøpsordninga, organiserer sitt virke.

IT-politikk 
Fornyingsministaren er oppteken av at me skal ha verdas beste offentlege sektor. Stortinget handsamar nå EØS kravet om eit sikrare internett . Næringslivsorganet The "Economist" meiner at Norge bommar på IT satsinga si .

Teori og praksis 
1.mai skulle bibliotekutgreiinga vore ferdig, det er den ikkje. Til gjengjeld fekk me nyleg ein av dei etterlengta delutgreiingane. Denne gangen var bibliotekbrukundersøkinga frå SSB. Etter at undersøkinga blei lagt fram har undersøkinga vore heftig debattert på postlista. Både IT bruken og forholdet mellom store og små bibliotekeiningar har vore diskutert. Begge ordskifta er så interessante at det kan skrivast eigne artiklar om emna. Ute i kommunane foregår det dagleg ein politisk kamp om biblioteka, spesielt om filialane si framtid. Nå er det ikkje alle sigrar som er sigrar, om eg tolkar biblioteksjefen  i Larvik rett. Når ein les slike oppslag som dette frå Akershus, lurer ein òg på om det er mogleg å halde oppe slike tilbod.

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender.

Forvaltningsreform Ordskiftet om regionreforma

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

mai 2006
M T O T F S S
« Apr   Jun »
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
293031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: