Mars

mars 5, 2006 at 1:20 pm Kommenter innlegget

Folk
Folketalet veks og folk flyttar på seg viser befolkningstala frå SSB. Same byrået har og laga ein oversikt over kven me er under tittelen «Dette er Kari og Ola».

Kommunestrukturen
Kommunalministeren har valt å verna kommunane mot endringar i kommunestrukturen. Det har fått KS-direktør Olav Ullern til på nytt setta spørsmålet om kommunal oppgåvedifferensiering på kartet. Andre kommunepolitikarar er blitt provosert av den passive haldninga til ministeren. Noko som får Tone Holmquist i Kommunal rapport til å spørje om dette vil føre til at me nå får kommunesamanslåing på trass.

Kommuneøkonomien
Tal frå SSB viser at underskotet i kommunane er redusert. Det tyder på at det går mot lysare tider i kommunane. Noko som og blir i alle fall delvis stadfest av Guttorm Fremstad på Moss bibliotek.
 
Bjarne Jensen har gitt ut ei bok med tittelen «Kommune-Norge – velferd og finansiering». Tidligare Statsråd Hallvard Bakke kommenterer denne boka i ein kronikk om kommuneøkonomi. Som ei oppfylging av dette seier både leiaren i KS og leiaren i fagforbundet at kommuneskatt må vurderast.

Så får me sjå om kommunane får større råderett over pengane om forslaget frå politikare frå ymse parti om grunnlovsfesta kommunalt sjølvstyre  får fleirtal. Sida dette forslaget er satt fram av m.a. ein sosionom, ei førskulelærar og to lærarar så trur eg at dei ikkje deler økonomisjef Kjell Rasmussen i Kristiandsund sitt syn på kommunal leiing.
 
Regionaliseringa
Kommunalminister Haga ynskjer seg sterke regionar. Heller ikkje i denne saka ønskjer ho å bruka tvang. Ein som derimot ønskjer seg store regionar er Terje Klungland frå Arbeidarpartiet  han synes at ei samanslåing av Aust- og Vest-Agder vil bli for smått. Nå verkar det ikkje som om ordskiftet om regionar er heilt over ennå og Aslak Bonde ynskjer seg at regionmotstandarane nå kommer på banen.
 
Avsløringar
Alle har høyrt om at det innafor norsk bibliotekstell finnes ein nesten hemmeleg lukka organisasjon. Ingen blir medlem av denne organisasjonen utan å ha sikra seg innflyting over et større geografisk område. Denne organisasjonen har på trass av at han ikkje tar opp nye medlemer før eit av dei gamle forsvinn ut,  stor inflyting over biblioteka i dette landet. For å avsløra kva denne organisasjonen held på med har eg oppretta ein nettstad som berre er via til overvåking av denne organisasjonen sitt arbeid.
 
Har du nokon gong lurt på kva U-en etter ABM står for. Etter disse tre oppslaga den siste tida «Bibliotekutredning utsatt i fem måneder«,  «Biblioteksentralen trakk seg – ABM-Media utsatt«, «Registrering av statistikk for bibliotek i grunnskoler og videregående skoler er utsatt på ubestemt tid«, kan ein lure på om denne U-en står for utsetjing. 

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender.

Offentleg ordskifte om medieval Rådslag om regionar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

mars 2006
M T O T F S S
« Feb   Apr »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: