Januar

januar 10, 2006 at 8:09 pm Kommenter innlegget

Kommunane
Kommunane byrjar det nye året med meir pengar på kontoen enn tidlegare. Det likevel ikkje alltid slik at dette kjem bibliotekbrukaren til gode i Sandnessjøen valte politikarane å satse på parkering framfor bibliotek, andre stader ser vi at kommunen gjer val som styrkjer biblioteka. Den 19. januar inviterer fylkesbiblioteka i Rogaland og Hordaland bibliotektilsette og lokalpolitikare til å vere med på å drøfte tilhøvet mellom lokalpolitikk og folkebibliotek, frist for påmelding er 13.januar.

Bibliotek for alle
…for alle som bor i landet, står det i biblioteklova. Eit av dei biblioteka som har tatt innover seg at denne setninga ikkje bare skal tolkast "geografisk" er biblioteket i Tønsberg som har vunne pris for å vera tilgjengeleg for alle. I Rogaland har me og byrja kartlegginga av kor tilgjengelege biblioteka er. Dei siste åra har det vore stilt spørsmål med om gutar som bibliotekbrukere og lesere, senter for leseforsking har sett nærare på forholdet mellom gutar og bibliotekbruk. Robert Waagan har på oppdrag av bibliotekutgreiinga sett på biblioteka og det fleirkulturelle Norge. Biblioteket som sosialt rom er emne i siste nummer av SPLQ.

Regionalisering
Nå byrjar arbeidet mot eit regionalisert Norge. Regjeringa har sett ned eit eige ministerutval for å fylgje prosessen. KS fylgjer også opp med eigne utspel og rapportar om regionaliseringa. I regjeringsorganet Nationen skriv tidlegare fylkesmenn og noverande bibliotekarar om det same emnet. Fylkesbiblioteksjefkollegiet har i samband med bibliotekutgreiinga laga eit eige innspel om dei regionale biblioteka si stilling.

E-Norge
Lanseringa av MiSide er utsett, likevel fortsett arbeidet for eNorge. KS har tatt i mot utfordringa for kommunesektoren. Kunnskapsministeren er opptatt av digitale læremiddel i skulen.  

Statistikk
Endeleg føreligg bibliotekstatistikken for 2004. Det skjer omtrent samstundes som biblioteka har byrja å presentere 2005 tala i media . Kan statistikk vera kunst? Som ein del av ei kunsthending har folka bak ”Localmotives” laga Stavangerundersøkelsen. Legg merkje til at folkebiblioteket er den einaste kulturinstitusjonen som berre blir oppfatta positivt av dei spurde.Ei privat undersøking foretatt på julaften viser forøvrig at ”Norsk pop & rock leksikon”som m.a. vart redigert av Siren Steen musikkbibliotekar frå Bergen offentlige bibliotek og leiar i Spesialgruppa for musikkarbeid i NBF var den mest populære julegåva i 2005.      

Politisk kalender 2005

Advertisements

Entry filed under: Bibliotekpolitikk, Kalender.

Februar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Kalender

januar 2006
M T O T F S S
    Feb »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Most Recent Posts


%d bloggarar likar dette: