Arva etter politisk kalender

Eg har lenge leita etter ein blogg som følgjer opp “Politisk kalender”, ei stund hadde eg stor tru på den nye SFP-bloggen “Bibliotekpolitikk“. Desverre blei den ikkje så aktiv som eg kunne ønskje meg. Nå har tidligare kollega Ine Marit Torsvik Bertelsen laga ein blogg med navnet Ine Marits Blog. Den skal i følgje forfattaren som no er vara til hovudstyret i NBF og leiar av foreninga sitt litteraturpolitiske utval, handla om “…feltene Politikk, Litteratur og Bibliotek”. Når ein ser på kor aktiv Ine Marit var med sin forrige blogg så er det grunn til å håpe at aktiviteten blir stor på denne og. Lukke til.

oktober 27, 2008 at 6:57 pm 1 kommentar

Takk for meg!

I denne aller siste utgåva av “Politisk kalender” vil eg nytta høvet til å takke alle mine lesarar gjennom dei tri og eit halvt åra som er gått sidan eg publiserte nyhendebrevet fyrste gong på biblioteklista. Sidan den gongen har eg minst ein gong i månaden publisert kalenderen. Formålet med kalenderen har heile tida vore å gje bibliotekfolk (og andre) innblikk i politiske prosessar som påverkar folkebiblioteka. Prosessar som bibliotekfolk kan være med å påverke gjennom aktiv deltaking i debattar og organisasjonar. For å påverke må me vise kva rolle me vil ha i samfunnet og ikkje kor fælt me har det og me må tørre å prioritera. Julaftan skreiv eg 4 ting som eg meiner må prioriterast i ei kommande stortingsmelding om bibliotek, dette meiner eg er det viktigaste me kan krevje for folkebiblioteka i dag. I tilegg er me avhengige av at kommunane får økonomiske rammevilkår som gjer at det er mogleg og halde høg standard på tenestene.

Med dette vil eg takke for meg og ønskje alle lesarane lukke til i 2008.

januar 1, 2008 at 3:21 pm 1 kommentar

Restar frå jula

Fram til julaftan lagde eg politisk julekalender med oppslag kvar einaste dag. Nå etter jul er det på tide å presentere alle dei oppslaga på nettet som eg hadde samla inn til julekalenderen som eg ikkje brukte.
(more…)

desember 30, 2007 at 4:31 pm 2 kommentarar

24.luke.Politisk julekalender

Det er nok for seint å komme med ønskje om fleire julepresangar i år. Derfor skal eg avslutte denne politiske julekalenderen med fire ønskjer for stortingsmeldinga for bibliotek.
1) Eg ønskjer meg ei nasjonal satsing på litteraturformidling i den kulturelle skulesekken.
2) Eg ønskjer meg at potten til kulturbygg blir monaleg utvida slik at det gir kommunane økonomisk drahjelp når dei vil bygge nye bibliotekbygg.
3) Eg ønskjer ei medvite satsing på digitale tenester.
4) Eg ønskjer at det ikkje skjer strukturendringar som svekkar biblioteka i kommunane eller den regionale bibliotekkompetansen.

Til slutt vil eg ønskje alle lesarar av politisk julekalender ei fredeleg jul.

desember 24, 2007 at 1:03 pm 1 kommentar

23.luke.Politisk julekalender

Ordskiftet etter bibliotekutgreiinga frå ABM-utvikling har i stor grad handla om bibliotekstruktur. Ikkje så rart når utredninga foreslår å opprette eit eige forvaltningsnivå etter kor mange bibliotektilsette det er i kvar enkelt eining.
(more…)

desember 23, 2007 at 1:22 pm Kommenter innlegget

22.luke.Politisk julekalender.

Utgiftene til kommunane aukar langt meir enn berekna. Kommunal Rapport melder at kommunane sine utgifter ligg ca. 7 milliardar høgare enn det regjeringa har lagt til grunn i sitt statsbudsjett. Og at skatteinntektene er lågare enn berekna.
(more…)

desember 22, 2007 at 8:05 pm Kommenter innlegget

21.luke.Politisk julekalender

Folk i Rogaland låner mest bøker, filmer og musikk fra folkebibliotekene. Oslofolk går mest i operaen, og trøndere og vestlendinger går mest på festival“. Slik blir SSB sin kulturstatistikk presentert i Kommunal Rapport.
(more…)

desember 21, 2007 at 8:17 pm Kommenter innlegget

Eldre innlegg


kategoriar

  • Blogroll

  • Feeds


    Følg

    Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.