17.luke. Politisk julekalender

Siste nummer i av tidskriftet Bibliotekaren har eit stort oppslått intervju med underteikna i samband med at eg snart skiftar jobb . Bloggkollega Plinius har allreie laga ein kommentar til både tidsskriftet og oppslaget. Sidan dette er to svært viktige kanalar for bibliotekpolitisk ordskifte blir oppfordringa i dag å lese disse.
(meir …)

Add comment desember 16, 2007

16.luke. Politisk julekalender

Folkebiblioteka var nokon av dei første kommunale tenestene som tok i bruk dataverktøy i det daglege. Frå tidleg i 80åra blei EDB-katalogar innført i biblioteka i stor fart først ute var Stavanger, med sin MEDIA-katalog. Omtrent samstundes blei heimedatamaskinen lansert. På midten av 80-talet hugsar eit fjernsynsinnslag som handlar om Hå bibliotek som har starta med utlån av heimedatamaskinar. Eit av dei mest mislukka forsøka eg har vore med på sa dåverande biblioteksjef i Hå, Kurt Kristensen til meg i ein samtale nokre år seinare.
(meir …)

1 comment desember 15, 2007

15.luke.Politisk julekalender

E-boka har vore ein attergangar i mange år. Av ulike grunnar har ikkje konseptet tatt heilt av sjølv om svært mange av oss i det daglege leser meir på skjerm enn på papir. Det skyldes både dei tekniske løsningane,  men og striden om dei økonomiske rettane for forfattarane.
(meir …)

Add comment desember 15, 2007

14.luke. Politisk julekalender

Fornyingsministar Heidi Grande Røys vil lære ungane i barnehagen å bruke datamaskiner . Departementet hennar ønskjar òg å lære eldre menneskjer å bruka digitale verktøy. I eit samfunn der det som kan digitaliserast blir digitalt er det sjølvsagt viktig at alle får opplæring og tilgang.
(meir …)

Add comment desember 14, 2007

13.luke. Politisk julekalender

fylkestinget i Rogaland (sak 95/07) blei det i går vedtatt at fylkeskommunen skulle satse vidare på utviklinga av NDLA som er ei felles digital læremiddelsatsing frå fylkeskommunane. Dette er frå fylket si side ei viktig satsing for å kunne tilby elevane gode gratis digitale læremidlar.
(meir …)

Add comment desember 12, 2007

12.luke. politisk julekalender

Denne veka blir Statsbudsjettet handsama i Stortinget. Venstre har i samband med statsbudsjettet vedtatt ei eiga fråsegn om bibliotek.  . Det er bra at partiet er opptatt av bibliotekpolitikken men det er et men her. På same møtet ville partiet ha løft for lærarane, pengar til klimatiltak, meir pengar til bruk i Afganistan. Derfor må fråsegna først og fremst lesast som ein del av polemikken rundt statsbudsjettet.
(meir …)

Add comment desember 11, 2007

11.luke. Politisk julekalender

I dag starta fylkestinget i Hordaland si handsaming av fylkesbudsjettet . Det er ikkje kvar dag at “alle” bibliotekfolk i heile landet er opptatt kva som skjer på eit enkelt fylkestingmøte. Men i dag er det sjølve skjebnedagen for bokbåten.
(meir …)

Add comment desember 11, 2007

10.luke. Politisk julekalender

I førre veke var eg med på styremøtet til Rasmus Løland markeringa. Føremålet med markeringa er todelt, både å gjøre barnebokforfattaren Rasmus Løland kjend, men ikkje minst auka interessa for barnelitteraturen i dag. Langt på veg har markeringa etter mitt syn lukkast med å nå disse måla. Nå har fleirtalskoalisjonen i Rogaland fylkesting vedtatt at dei vil ha eit nasjonalt senter for barne- og ungdomslitteratur på Sand.
(meir …)

Add comment desember 9, 2007

9. luke. Politisk julekalender

9. luke. Nye lokalar. “Nye bibliotek gir nye muligheter” var tittelen på ein artikkel eg skreiv i Rogaland fylkeskommune sitt meldingsblad i 2003. I artikkelen fokuserte eg på at kommunar som satsar på biblioteka og får nye moglegheiter til å satsa på kultur, utdanning og møteplass i lokalsamfunnet. Samtidig viste eg i artikkelen til at det statlege tilskottet til nye biblioteklokalar var borte og at ein derfor trengte nye måtar å “lokke” kommunane til å byggje nye bibliotek.
(meir …)

1 comment desember 9, 2007

8.luke. Politisk julekalender

8.luke.Rom. Bibliotekfolk veit at sjølve rommet er viktig for gode bibliotek. Men av og til kan romma i biblioteka bare være ei estetisk nyting. Denne nettstaden med vakre bibliotek er pornografi for bibliotekfile. Får ein ikkje nok av dette, kan ein òg reise til New York og legge seg inn på eit bibliotekhotell der romma er ordna etter dewy! I følgje oppslag i trendmagasina er 800.001 eit favorittrom.
  (meir …)

Add comment desember 7, 2007

Next Posts Previous Posts


Categories

  • Blogroll

  • Feeds