Posts filed under 'Regionreforma'

Restar frå jula

Fram til julaftan lagde eg politisk julekalender med oppslag kvar einaste dag. Nå etter jul er det på tide å presentere alle dei oppslaga på nettet som eg hadde samla inn til julekalenderen som eg ikkje brukte.
(meir …)

2 comments desember 30, 2007

23.luke.Politisk julekalender

Ordskiftet etter bibliotekutgreiinga frå ABM-utvikling har i stor grad handla om bibliotekstruktur. Ikkje så rart når utredninga foreslår å opprette eit eige forvaltningsnivå etter kor mange bibliotektilsette det er i kvar enkelt eining.
(meir …)

Add comment desember 23, 2007

Tilbake til start?

Då er det klart for “siste” runde i debatten om regionar. Fylka har tatt storleiken på dei nye regionane til vurdering. Mange regiontilhengarar var skuffa over oppgåvene som stortingsmelding 12 og den seinare handsaminga i kommunalkomiteen, dette ser og ut til å prege debatten om samanslåing av fylker til større regionar. (meir …)

Add comment juni 16, 2007

Omkamp om regionane?

Stortinget handsama innstillinga frå kommunalkomiteen om regionreforma gjekk det ikkje heilt som det pleier i slike saker. Stortinget opna nemleg for ein ny omkamp når det gjeld kva oppgåver dei nye regionane skulle få. (meir …)

Add comment mai 20, 2007

Kommunalkomiteen om regionreforma

I dag føreligg kommunalkomiteen si innstilling om regionreforma . For dei som hadde ønskja seg sterke regionar i retning det som Per Selle la fram i si utgreiing for KS er dette eit klart nederlag. Det er sjølvsagt òg eit nederlag for dei som ønskjer seg ei to-nivå modell. Men høgresida har allreie lova omkamp om dette i neste stortingsperiode om dei vinn valet. Når ein ser på innstillinga frå komiteen blir det i så fall utan støtte frå Kristeleg folkeparti som går langt i vilja til å flytte makt til regionane.
(meir …)

Add comment april 17, 2007

Stortingshandsaming av forvalningsreforma

Nå nærmar det seg stortingshandsaminga av regionalmeldinga. Dermed er blir første runde i arbeidet med forvaltningsreforma avslutta.
(meir …)

Add comment mars 17, 2007

Desember

Reformer
ABM-utvikling valte å kalle bibliotekutgreiinga for
“Bibliotekreform 2014″. Svært mykje av debatten om reforma har vært knytte til forslaga om konsolidering av folkebiblioteka. I fylgje forskar Jørund Nilsen ved ECON-analyse så vil bibliotekreforma svekka lokaldemokratiet. Det einaste(?) konsoliderte folkebiblioteket i Norge nemleg Tønsberg og Nøtterøy bibliotek er òg dratt inn i debatten.

Kulturlovforslaget er lagt fram, i utgangspunktet handlar denne lova ikkje om biblioteka. Det kan likevel vere verdt å få med seg det høyringsnotatet drøftar om grunnlova si paragraf 100. Nå er det ikkje alle som er like nøgde med lova. I Nationen ønskjer leiaren seg ei konkretisering av lovteksten.

Fredag den 8.12 kom endeleg den etterlengta stortingsmeldinga om forvaltningsreform på bordet.Det er vel verdt å merke seg at verken Kulturministeren eller Kunnskapsministeren fant det naudsynt å gå ut med eigen pressemelding om reforma. Ingen av disse reformforslaga får meg til å miste nattesvevnen, men eg trur det kan vere viktig at folkebiblioteka deltar i ordskiftet om kva slags bibliotekstell me ønskjer oss og korleis det skal vere organisert. (meir …)

1 comment desember 10, 2006

Innhald & storleik

Regionalmeldinga lar vente på seg, i mellomtida ser det ut som ordskiftet om reforma fortsetter på ulikt vis. Kommunal og regionaldepartementet sitt nyheitsbrev om distrikts- og regionalpolitikken Regionalnytt er sjølvsagt mest opptatt av å skryte av statsbudsjettet. Ei av satsingane som blir nemnt frå departementet er omgrepet “kultur og næring”. Dette omgrepet har vore eit slags mantra dei siste åra. Det mest påfallande med det har vore at ein i satsingar på “kultur og næring” i stor grad har sett vekk frå det offentlege sine bidrag til kulturlivet. Analytikar Søren Liby Clausen og siviløkonom Thorstein Selvik, som driver finansrådgivingsselskapet Artesia Capital har sett offentleg innsats retta mot kulturlivet i Bergensområdet. Deira konklusjon er at Kultur er har lite å seie som næringsgrein, “Uten staten stopper Kultur-Bergen” konkluderar bt.no. Fylkesbiblioteka blir ein del av regionreforma, på kva måte veit vi ikkje ennå. Førebels tar diskusjonane utgangspunkt i bibliotekutgreiinga. Det er ikkje sikkert at det er den som legg føringane for regionalpolitikken, fylkesbiblioteksjefkollegiet har òg spelt inn omtrent same innlegget både til Bibliotekutgreiinga og ordskiftet om regionalreforma.

“Regionreform i motbakke” kallar professor Nils Aarseter frå Tromsø sin kronikk i Nationen 2.10. Der tar han til ordet for ein regionreform som tar utgangspunkt i dagens fylkeskommunar. Det same gjer professor Stein Østre frå Høgskolen i Hedemark i same avis den 10.10. Ordførarane tar i dette oppslaget i Dagsavisen derimot til orde for at det må bli færre regionar. Klassekampen- redaktøren derimot drøymer den 14.10 om ein regionreform som kan kallast ein “konsolidering” av kommunestrukturen. Dette er vel likt med draumen om 7 kjemperegionar òg ein teoretisk skrivebordsreform som strandar når den møter røyndommen i kommune-Norge.

Add comment oktober 22, 2006

Statsbudsjettet, bibliotekutgreiinga og framtida for ABM-u

Statsbudsjettet for neste år blei lagt fram på fredag. I følgje pressemeldingsmeldinga frå NBF-leiaren så er det ikkje mye å ropa hurra for. Det kan eg vere einig i, for biblioteka isolert er det ikkje et spesielt godt statsbudsjett. Dei av lesarane som kan peka på eit statsbudsjett i moderne tid som skiljar seg ut positivt i så måte kan sende meg melding om dette. For folkebiblioteka har dei ulike postane på kulturbudsjettet yttarst lite å sei for korleis dei handterar den daglege drifta rundt om i landet. Folkebiblioteka si framtid blir ikkje avgjort i Kyrkje- og kulturdepartementet men i Kommunal- og regionaldepartementet og i den enkelte kommune. Sjølv om KS ennå ikkje er nøgde med aukinga i kommunane sine frie inntekter så må det vere lov og nemne at kommunane har vore den store budsjettvinnaren under den nye regjeringa. (meir …)

2 comments oktober 10, 2006

Bibliotekutgreiinga lagt fram -regionalmeldinga utsett

Bibliotekutgreiinga vart overlevert frå ABM-utvikling til kulturministaren i går. Utgreiinga skal nå ut på høyring før regjeringa eventuelt lagar politikk ut av han. Bibliotekutgreiinga er blitt eit halvt år forseinka. Det har utgreiinga ikkje tatt skade av skal vi tru dei fyrste reaksjonane frå NBF leiar Anne Hustad. Ho seier til NBF-veven : “Dette var i all hovedsak svært positiv lesing“. Nå har både Anne og underteikna deltatt i arbeidet med meldinga som medlemmar av referansegruppa så heilt uhilda er me nok ikkje men eg følgjer NBF-leiaren i synet på utgreiinga. (meir …)

Add comment september 26, 2006

Previous Posts


Calendar

november 2009
M T W T F S S
« Oct    
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
30  

Posts by Month

Posts by Category