Posts filed under 'Kunnskapspolitikk'
Restar frå jula
Fram til julaftan lagde eg politisk julekalender med oppslag kvar einaste dag. Nå etter jul er det på tide å presentere alle dei oppslaga på nettet som eg hadde samla inn til julekalenderen som eg ikkje brukte.
(meir …)
2 comments desember 30, 2007
14.luke. Politisk julekalender
Fornyingsministar Heidi Grande Røys vil lære ungane i barnehagen å bruke datamaskiner . Departementet hennar ønskjar òg å lære eldre menneskjer å bruka digitale verktøy. I eit samfunn der det som kan digitaliserast blir digitalt er det sjølvsagt viktig at alle får opplæring og tilgang.
(meir …)
Add comment desember 14, 2007
13.luke. Politisk julekalender
På fylkestinget i Rogaland (sak 95/07) blei det i går vedtatt at fylkeskommunen skulle satse vidare på utviklinga av NDLA som er ei felles digital læremiddelsatsing frå fylkeskommunane. Dette er frå fylket si side ei viktig satsing for å kunne tilby elevane gode gratis digitale læremidlar.
(meir …)
Add comment desember 12, 2007
Kommentar: Trond Giske på glattisen
Eg tok i politisk julekalender på sundag opp litteraturen sin plass i “Den kulturelle skulesekken“. Bakgrunnen var at departementet ikkje varsla at dei ville ha ei sentral satsing på litteratur i samanheng med denne stortingsmeldinga. I staden valte departementet å skyve ei eventuell sentral satsing på litteraturformidling inn i ei kommande stortingsmelding om bibliotek. På måndagen tok eg opp den nye leseundersøkinga som viste at norske skulebarn ikkje har blitt flinkare til å lese sida førre undersøking.
(meir …)
Add comment desember 4, 2007
4. luke. Politisk julekalender
4. luke. Om skulebibliotek. Den norske grunnskulen har dei siste 20 åra vært gjennom svært mange endringar. Nå tyder resultata frå den internasjonale PISA (Programme for International Student Assessment) undersøkinga at resultata av alle desse endringane ikkje har gjort elevane flinkare i skulen.
(meir …)
Add comment desember 3, 2007
3. Luke. Politisk julekalender
3. luke. Om lesing. I førre veke kom blei den store internasjonale leseundersøkinga PIRLS offentleggjort. Det var ikkje lystig lesing for å seie det slik.
(meir …)
2 comments desember 2, 2007
2. luke. Politisk julekalender
2. luke. Den kulturelle skulesekken. Fredag la kulturminister Trond Giske fram ei stortingsmelding om “Den kulturelle skulesekken“ . Eg har tidligare kommentert den politiske kampen rundt denne satsinga her på politisk kalender . Stortingsmeldinga om Den kulturelle skulesekken råker innom mange politikkområder, kulturpolitikken, regionpolitikken, skulepolitikken, oppvekstpolitikk, sosial utjamning m.m. Nokre av disse punkta vil eg komme tilbake til ved seinare høve. I dag vil eg konsentrere meg om eit område som har vore forsømt i dei sentrale satsingane i skulesekken, nemleg litteraturformidlinga.
(meir …)
1 comment desember 2, 2007
Oktober
Kommunane
Det har vore lokalval og valresultatet vil sjølvsagt føre til endringar i samansettingen av kommunestyrar over heile landet. For første gang i nyare historie har òg kommunevalet ført til at kommunalministaren blir skifta ut. Magnhild Meltveit Kleppa frå Rogaland overtar og partifellen hennar frå same fylke KS-nestleiar Odd Arild Kvaløy har høge forventningar. Førebels kan det sjå ut som at kommuneøkonomien framleis går den rette vegen.
(meir …)
Add comment september 30, 2007
Valekstra – val
Då er det berre det opp til dei 3 618 000 veljarane å nytte seg av stemmeretten. Ønskjer dei å endre på partia sine lister har dei og sjansen til det.
(meir …)
1 comment september 8, 2007
Valekstra – kunnskapspolitikk
Det er i grunn rart at ikkje utdanning kjem høgare på agendaen i valkampen. I kommunane går trass alt kvar tredje krone til skulen. Ein av grunnane er nok heilt klart at innhaldet i skulen stort sett er bestemd sentralt. Valdebattar om utdanningspolitikken blir derfor lett ei litt absurd førestilling, der lokaldemokrati, sentral styring, pedagogikk, frukt og fagforeiningskrav blir blanda inn i ei stor røre.
(meir …)
1 comment september 2, 2007