Posts filed under 'Kulturpolitikk'
Takk for meg!
I denne aller siste utgåva av “Politisk kalender” vil eg nytta høvet til å takke alle mine lesarar gjennom dei tri og eit halvt åra som er gått sidan eg publiserte nyhendebrevet fyrste gong på biblioteklista. Sidan den gongen har eg minst ein gong i månaden publisert kalenderen. Formålet med kalenderen har heile tida vore å gje bibliotekfolk (og andre) innblikk i politiske prosessar som påverkar folkebiblioteka. Prosessar som bibliotekfolk kan være med å påverke gjennom aktiv deltaking i debattar og organisasjonar. For å påverke må me vise kva rolle me vil ha i samfunnet og ikkje kor fælt me har det og me må tørre å prioritera. Julaftan skreiv eg 4 ting som eg meiner må prioriterast i ei kommande stortingsmelding om bibliotek, dette meiner eg er det viktigaste me kan krevje for folkebiblioteka i dag. I tilegg er me avhengige av at kommunane får økonomiske rammevilkår som gjer at det er mogleg og halde høg standard på tenestene.
Med dette vil eg takke for meg og ønskje alle lesarane lukke til i 2008.
1 comment januar 1, 2008
Restar frå jula
Fram til julaftan lagde eg politisk julekalender med oppslag kvar einaste dag. Nå etter jul er det på tide å presentere alle dei oppslaga på nettet som eg hadde samla inn til julekalenderen som eg ikkje brukte.
(meir …)
2 comments desember 30, 2007
22.luke.Politisk julekalender.
Utgiftene til kommunane aukar langt meir enn berekna. Kommunal Rapport melder at kommunane sine utgifter ligg ca. 7 milliardar høgare enn det regjeringa har lagt til grunn i sitt statsbudsjett. Og at skatteinntektene er lågare enn berekna.
(meir …)
Add comment desember 22, 2007
21.luke.Politisk julekalender
“Folk i Rogaland låner mest bøker, filmer og musikk fra folkebibliotekene. Oslofolk går mest i operaen, og trøndere og vestlendinger går mest på festival“. Slik blir SSB sin kulturstatistikk presentert i Kommunal Rapport.
(meir …)
Add comment desember 21, 2007
20.luke.Politisk julekalender
Torsdag før jul er den store handledagen. Mange får bøker til jul, Klassekampen melder om “Klondyke i bokbransjen” . Bransjebladet Bok og samfunn meldte allreie i November om rekordår i bokbransjen. Det auka salet skjer både i bokhandlarane og via nettsal. Til og med bokklubbane er på veg oppover igjen på grunn av nettsalet.
(meir …)
Add comment desember 20, 2007
15.luke.Politisk julekalender
E-boka har vore ein attergangar i mange år. Av ulike grunnar har ikkje konseptet tatt heilt av sjølv om svært mange av oss i det daglege leser meir på skjerm enn på papir. Det skyldes både dei tekniske løsningane, men og striden om dei økonomiske rettane for forfattarane.
(meir …)
Add comment desember 15, 2007
13.luke. Politisk julekalender
På fylkestinget i Rogaland (sak 95/07) blei det i går vedtatt at fylkeskommunen skulle satse vidare på utviklinga av NDLA som er ei felles digital læremiddelsatsing frå fylkeskommunane. Dette er frå fylket si side ei viktig satsing for å kunne tilby elevane gode gratis digitale læremidlar.
(meir …)
Add comment desember 12, 2007
11.luke. Politisk julekalender
I dag starta fylkestinget i Hordaland si handsaming av fylkesbudsjettet . Det er ikkje kvar dag at “alle” bibliotekfolk i heile landet er opptatt kva som skjer på eit enkelt fylkestingmøte. Men i dag er det sjølve skjebnedagen for bokbåten.
(meir …)
Add comment desember 11, 2007
10.luke. Politisk julekalender
I førre veke var eg med på styremøtet til Rasmus Løland markeringa. Føremålet med markeringa er todelt, både å gjøre barnebokforfattaren Rasmus Løland kjend, men ikkje minst auka interessa for barnelitteraturen i dag. Langt på veg har markeringa etter mitt syn lukkast med å nå disse måla. Nå har fleirtalskoalisjonen i Rogaland fylkesting vedtatt at dei vil ha eit nasjonalt senter for barne- og ungdomslitteratur på Sand.
(meir …)
Add comment desember 9, 2007
9. luke. Politisk julekalender
9. luke. Nye lokalar. “Nye bibliotek gir nye muligheter” var tittelen på ein artikkel eg skreiv i Rogaland fylkeskommune sitt meldingsblad i 2003. I artikkelen fokuserte eg på at kommunar som satsar på biblioteka og får nye moglegheiter til å satsa på kultur, utdanning og møteplass i lokalsamfunnet. Samtidig viste eg i artikkelen til at det statlege tilskottet til nye biblioteklokalar var borte og at ein derfor trengte nye måtar å “lokke” kommunane til å byggje nye bibliotek.
(meir …)
1 comment desember 9, 2007