Posts filed under 'Bokmelding'
Politisk lesing
Markedets makt over sinnene av Bent Sofus Tranøy, kom ut i fjor og vant ”Brageprisen” same året. I år har boka blitt gitt ut i billigutgåve. Det er bra, for denne boka bør lesast av alle som ønskjer å vite meir om marknaden sin logikk spreiar seg utover på fleire og fleire felt.
Les melding av boka i Attac sitt tidsskrift ”Utveier” her. Eller i tidsskriftet ”Prosa” her.
Frp-koden av Magnus Marsdal er ei av dei mest omtala politiske bøkene dette året. Magnus Marsdal er kjent for mange i bibliotekmiljøet blant anna frå bibliotekmøtet i Trondheim i fjor. Med god hjelp frå Bordieu (som mange kjenner til m.a. gjennom bloggen til Plinius ) freistar Marsdal å finne ut korleis Framstegspartiet har fått det fotfestet dei i dag har i den mannlege delen av arbeidarklassen, og kva politiske følgjer dette får. Les Marsdal om Framstegspartiet i denne artikkelen frå tidsskriftet ”Demo”.
SV sin nestleiar Audun Lysbakken skriv om boka på sin blogg ”Rett venstre”. LO bladet ”Fri fagbevegelse” skriv og om boka.
1 comment juli 11, 2007