22.luke.Politisk julekalender.
desember 22, 2007 at 8:05 pm Kommenter innlegget
Utgiftene til kommunane aukar langt meir enn berekna. Kommunal Rapport melder at kommunane sine utgifter ligg ca. 7 milliardar høgare enn det regjeringa har lagt til grunn i sitt statsbudsjett. Og at skatteinntektene er lågare enn berekna.
Ni av ti kommunar må effektivisere drifta eller kutte i budsjetta til neste år. Disse dramatiske meldingane om kommuneøkonomien er sjølvsagt dårleg nytt for folkebiblioteka. Folkebiblioteka er ein del av den kommunale økonomien og blir sjølvsagt påverka av denne utviklinga. Då får med håpa at kommunalministeren ikkje berre sender julehelsing til kommunane men òg følgjer opp med meir pengar.
Sjølv om det skulle komme meir pengar frå departementet så har kommunane sjølv moglegheiter til å prioritera. I Søgne planlegg dei nytt bibliotekbygg og dei planlegg eigedomsskatt . I Kragerø lova politikarane eit løft for kulturen, dei har òg utvida eigedomsskatten. Fleire bør eigentleg gjere som tidligare statsråd for Høgre, Viktor Norman, seie klårt i frå om at vil me ha fleire og betre offentlige tenester så må me auke skattane.
Oppføring arkivert under: Bibliotekpolitikk, Kulturpolitikk. Stikkord: .
Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed