13.luke. Politisk julekalender
desember 12, 2007
På fylkestinget i Rogaland (sak 95/07) blei det i går vedtatt at fylkeskommunen skulle satse vidare på utviklinga av NDLA som er ei felles digital læremiddelsatsing frå fylkeskommunane. Dette er frå fylket si side ei viktig satsing for å kunne tilby elevane gode gratis digitale læremidlar.
Denne satsinga blir ikkje like godt motteke av alle. Den norske forleggerforening har fått laga ein konsulentrapport kor dei åtvarer mot utviklinga dette prosjektet kan føre til. Rapporten er adressert til politikarane i KUF-komiteen på Stortinget. Dette har sjølvsagt ført til debatt. I dag vil eg berre gjere lesarane oppmerksame på denne debatten og visar vidare til Tord Høivik sitt bidrag og innspelet frå hovudstyremedlem og fagbokforfattar Eirik Newt.
Entry Filed under: Bibliotekpolitikk, Kulturpolitikk, Kunnskapspolitikk. .
Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed