Archive for november, 2007

1. luke: Politisk julekalender

 1. luke handlar om kommuneøkonomi, det har det vore skrive mykje om i dei siste vekene. Det skyldes sjølvsagt at nokre kommunar har hamna i uføret på grunn av at dei har kasta seg ut heller tvilsamme pengeplasseringar. (meir …)

Add comment november 30, 2007

Biblioteka må sjølv prioritere

Eg har i tidligare artiklar på bloggen diskutert både sjølvbildet til folkebiblioteka i Norge og biletet me har gitt av oss sjølv ut til omverda. Biletet er trist og det er eigentleg synd på biblioteka. Me liker å tro at det er politikarane som har skylda for alt det elendige i norske bibliotek. “Politikarane skjønar ingenting” seier me til kvarandre når me møtast. Det er sjølvsagt ikkje sant, her i landet har me verdast beste politikarar. Me har jo sjølv valt dei.
(meir …)

5 comments november 18, 2007

Meir om bibliotekstatistikken

Til dagleg lar heller min gode bloggkollega Plinius kommentera bibliotekstatistikken. Gjennom arbeidet han gjer når det gjelder lage betre statistikk for biblioteka har han vært med på å setje søkelyset på eit av våre viktigaste verktøy. Han er òg utdanna statistikar. Sjølv klarte eg så vidt å komme meg gjennom statistikkfaget etter å ha stroke til eksamen to gangar.
(meir …)

1 comment november 15, 2007

Kommentar: Folkebibliotek i media

Ein del artiklar og innlegg om bibliotek i ulike aviser og blader den siste tida har fått meg til å undre meg litt over korleis blir biblioteka framstilt av andre. Eit av dei mest hardtslåande innlegga om bibliotek den siste månaden sto debattredaktøren i Aftenposten Knut Olav Åmås for under overskrifta “Blålys for biblioteket” uttaler han relativt friskt: – Norge er i ferd med å skusle bort folkebibliotekene. – Iallfall så lenge folkebibliotekarenes hverdag er at de ikke lenger har råd til å kjøpe Post it-lapper og bare kan abonnere på enkelte tidsskrifter annethvert år (!) – eller kanskje må velge mellom det og å kjøpe én ny stol til lesesalen.
(meir …)

4 comments november 6, 2007


Calendar

november 2007
M T W T F S S
« Oct   Dec »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930  

Posts by Month

Posts by Category