Archive for september, 2007
Oktober
Kommunane
Det har vore lokalval og valresultatet vil sjølvsagt føre til endringar i samansettingen av kommunestyrar over heile landet. For første gang i nyare historie har òg kommunevalet ført til at kommunalministaren blir skifta ut. Magnhild Meltveit Kleppa frå Rogaland overtar og partifellen hennar frå same fylke KS-nestleiar Odd Arild Kvaløy har høge forventningar. Førebels kan det sjå ut som at kommuneøkonomien framleis går den rette vegen.
(meir …)
Add comment september 30, 2007
Utsyn over Skandinavia
I samband med at det igjen er tid for den Nordiske Bok og bibliotekmessa i Gøteborg, vil nytta høvet til å sjå på kva som rører seg på bibliotekfronten i våre skandinaviske granneland. Sjølv om me har felles språk og står kvarandre nært både geografisk og kulturelt så er det eigentleg liten kontakt mellom dei nordiske biblioteka. Offisielt samarbeider dei nordiske landa i Nordisk råd og gjennom dette rådet er det mogleg å få støtte til nordiske kulturelle samarbeidsprosjekt. Foreningen Norden står for det frivillige nordiske samarbeidet og arbeidar m.a. samen med nordiske bibliotek om nordisk bibliotekveke. Ei anna viktig nordisk bibliotekhending er Den nordiske barne- og ungdomslitteraturkonferansen som blir arrangert i Stavanger i februar til neste år.
(meir …)
Add comment september 23, 2007
Kanon
(Lagt ut i mai 2007, men endra på grunn teknisk problem)
Under Sigrid Undsetdagane på Lillehammer blei den norske litterære kanon kåra. Ei liste på 25 litterære verk blei dratt fram som dei viktigaste verka i Norge gjennom 1100 år. Nå kan ein sjølvsagt spørje seg kor stor verdi ei slik kåring vil ha, men det som er heilt sikkert ho vekkjer debatt og interesse for litteraturen. For oss som har arbeida med ulike litterære satsingar i Rogaland dei siste åra så registrer me med glede at vårt fylke er tungt representert på lista.
Add comment september 18, 2007
Valekstra – val
Då er det berre det opp til dei 3 618 000 veljarane å nytte seg av stemmeretten. Ønskjer dei å endre på partia sine lister har dei og sjansen til det.
(meir …)
1 comment september 8, 2007
Valekstra – kommunalt sjølvstyre
Lokalvalet handlar om lokaldemokratiet og om det lokale sjølvstyret. Lokalt sjølvstyre er noko som alle snakkar varmt om, men som mange ønskjer å kvitta seg med.
(meir …)
Add comment september 6, 2007
Valekstra – arbeidsgjevarar
Ved kommunevalet er det mange av oss som skal velje kven me vil ha som arbeidsgjevarar dei neste fire åra.
(meir …)
1 comment september 5, 2007
Valekstra – Framstegspartiet satsar på kultur
Ikkje før har me slått fast at det såkalla Framstegspartiet likevel er håplaust langt ute når det gjeld bibliotek. Så kjem denne repotasjon frå dei Frp-styrte kommunane. Då er det vel ikkje så ille likevel då?
Add comment september 4, 2007
Valekstra – bibliotekstatistikken
Bibliotekstatistikken er lagt fram. I samband med framlegging av statistikken sendte ABM-utvikling ut ei pressemelding med følgjande overskrift: Bekymringsfull nedgang i folkebibliotekbruken. (meir …)
2 comments september 3, 2007
Valekstra – kunnskapspolitikk
Det er i grunn rart at ikkje utdanning kjem høgare på agendaen i valkampen. I kommunane går trass alt kvar tredje krone til skulen. Ein av grunnane er nok heilt klart at innhaldet i skulen stort sett er bestemd sentralt. Valdebattar om utdanningspolitikken blir derfor lett ei litt absurd førestilling, der lokaldemokrati, sentral styring, pedagogikk, frukt og fagforeiningskrav blir blanda inn i ei stor røre.
(meir …)
1 comment september 2, 2007
Valekstra – Framstegspartiet slår tilbake!
Framstegspartiet i Oslo er tilbake. Etter at me hadde funne ut at partiet sin bibliotekpolitikk ikkje skremde nokon og at Framstegspartikommunane ikkje var spesielt dårlege på folkebibliotek så slår dei sterkt tilbake. I følgje Dagsavisen frå Oslo er partiet nå tilbake til gamle høgder i bibliotekpolitikken.
8 comments september 1, 2007