Archive for juli, 2007

Sommaren 2007

Sommaren er ferietid, før eg sjølv reiser på min sommartur i Norden vil eg i sommarutgåva av kalenderen sjå litt på politiske fenomen i våre granneland i tilegg til vår heimlege arena. Når eg kjem heim er det kommunevalkamp og det kjem sikkert til å prege neste utgåve av kalenderen.
(meir …)

Add comment juli 18, 2007

Framstegspartiet og folkebiblioteka

 I samband med at eg la ut artikkelen “Politisk lesing” tidligare i veka følgde Plinius opp med artikkelen “Kunnskapens B-lag”. Samstundes har avisa Klassekampen starta ein artikkelserie om Framstegpartiet sin kulturpolitikk. Eg vil i denne artikkelen sei noko om Frp og folkebiblioteka.
(meir …)

5 comments juli 14, 2007

Politisk lesing

Markedets makt over sinnene av Bent Sofus Tranøy, kom ut i fjor og vant ”Brageprisen” same året. I år har boka blitt gitt ut i billigutgåve. Det er bra, for denne boka bør lesast av alle som ønskjer å vite meir om marknaden sin logikk spreiar seg utover på fleire og fleire felt. 

Les melding av boka i Attac sitt tidsskrift ”Utveierher. Eller i tidsskriftet ”Prosaher. 

Frp-koden av Magnus Marsdal er ei av dei mest omtala politiske bøkene dette året. Magnus Marsdal er kjent for mange i bibliotekmiljøet blant anna frå bibliotekmøtet i Trondheim i fjor. Med god hjelp frå Bordieu (som mange kjenner til m.a. gjennom bloggen til Plinius ) freistar Marsdal å finne ut korleis Framstegspartiet har fått det fotfestet dei i dag har i den mannlege delen av arbeidarklassen, og kva politiske følgjer dette får. Les Marsdal om Framstegspartiet i denne artikkelen frå tidsskriftet ”Demo”.
 
SV sin nestleiar Audun Lysbakken skriv om boka på sin blogg ”Rett venstre”. LO bladet ”Fri fagbevegelseskriv og om boka

1 comment juli 11, 2007


Calendar

juli 2007
M T W T F S S
« Jun   Aug »
 1
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
3031  

Posts by Month

Posts by Category