Archive for april, 2007
Mai
Kommunane
Fredrik Mellem i “Leser søker bok” vil at bibliotekpolitikken skal bli eit tema i kommunevalkampen i Oslo, som kandidat frå Arbeidarpartiet har han opplagt ei betre sak enn Høgremannen og byrådsleiaren Erling Lae som sjølv innrømmer at dei ikkje fortener ros i bibliotekpolitikken. Nå er det likevel tatt eit skritt nærare eit nytt bibliotek på Vestbanetomta i Oslo. Det er vel grunn til å tru at siste ordet ikkje er sagt i debatten om nytt hovudbibliotek i Oslo.
(meir …)
Add comment april 30, 2007
Folkebiblioteka i Rogaland 2006
På biblioteksjefmøtet i Rogaland 23. og 24. april vil bibliotekstatistikken for folkebiblioteka i fylket for 2006 bli lagt fram. I Rogaland har det vore ei auke i kommunane sine løyvingar til folkebiblioteka. Samstundes har mediebudsjetta gått litt attende. Om det er kulturfondordningane eller om det er fordi det er blitt billigare å kjøpe medier er ikkje klart, men tilveksten aukar i 2006.
(meir …)
1 comment april 22, 2007
Kommunalkomiteen om regionreforma
I dag føreligg kommunalkomiteen si innstilling om regionreforma . For dei som hadde ønskja seg sterke regionar i retning det som Per Selle la fram i si utgreiing for KS er dette eit klart nederlag. Det er sjølvsagt òg eit nederlag for dei som ønskjer seg ei to-nivå modell. Men høgresida har allreie lova omkamp om dette i neste stortingsperiode om dei vinn valet. Når ein ser på innstillinga frå komiteen blir det i så fall utan støtte frå Kristeleg folkeparti som går langt i vilja til å flytte makt til regionane.
(meir …)
Add comment april 17, 2007
April
Økonomien
Arbeidet med statsbudsjettet har starta. Utgangspunktet denne gongen er at kommunane har hatt sitt beste år på svært lang tid kjem det fram av kommunerekneskapet som blei lagt fram av Statistisk sentralbyrå. Noko som langt på veg blir stadfesta av KS i deira dokument om konsultasjonar for 2007. Nationen kommenterer kommuneøkonomien på leiarplass under overskrifta “Glade kommuner” og kommunalministaren seier at nå går “kommunenorge går på skinner“.
(meir …)
Add comment april 1, 2007