Archive for januar, 2007
Februar
Kommunane
Kven er det eigentlig som bestemmer over kommunane. Vekeavisa Kommunal rapport har satt i gang ei eiga tevling med dette som tema. Viktigare enn kven som vinn tevlinga er vel likevel kva kommunane gjer nå føreligg det ein undersøking av kva kommunane skal bruke pengane til i 2007. Den viser at pengane går til dei formåla som politikarene ønskjer at dei skal gå til, og at nedskjæringspolitikken frå Erna Solberg si tid som kommunalminister nå er over. (meir …)
2 comments januar 31, 2007
Januar 2007
På slutten av 2006 lova eg lesarane av biblioteknorge lista at eg hadde laga min siste Politiske kalender i nåverande form. Slik blei det ikkje, i romjula brukte eg litt tid på å tenke gjennom kva eg skal gjere vidare, førebels har eg landa på at eg fortsett med kalenderen i den forma den har i dag. Derfor lesarar i by og bygd, “Politisk kalender” held fram med same grunngjeving som før.
Add comment januar 6, 2007
Kommentar: Gje oss pengar, det er synd på oss!
KS-aktuelt nr. 6. 2006 handlar mellom anna om forventningane til velferdsstaten. Leiaren Halvdan Skard følgjer opp med ein artikkel i Nationen . Dess rikare me blir dess større krav stiller me til dei offentlige tenestene. Dette er først og fremst ei utfordring for det økonomiske fundamentet for velferdsstaten men det er og ei mental utfordring. Dette kravet om auka offentleg innsats på alle områder har gjort oss til ein nasjon der alle er ofre og politikken er forsvunne til fordel ein trong for ei “rettferd” som berre kan løysast av offentlege pengar. Kor dette kravet kjem frå er ikkje godt å seia men det er grunn til å tro at pressa må ta si del av ansvaret.
(meir …)
2 comments januar 1, 2007