Archive for desember, 2006

Nokre refleksjonar ved overgangen til eit nytt år

Etter siste utgåva av Politisk kalender på biblioteklista så har eg på lista fått mange reaksjonar frå lesarar som skryt av kalenderen, Anders Ericsson, Kari Frodesen, Britt Ellingsdalen, Frode Bakken, i tilegg har Chris Erichsen og Kari Frodesen (igjen) offentleg oppmoda meg om å fortsette med å lage kalenderen. På toppen av det heile så har leiaren i NBF Anne Hustad tatt kontakt for å sjå om det noko bibliotekforeininga kan gjere for at kalenderen skal fortsette. (meir …)

1 comment desember 29, 2006

Desember

Reformer
ABM-utvikling valte å kalle bibliotekutgreiinga for
“Bibliotekreform 2014″. Svært mykje av debatten om reforma har vært knytte til forslaga om konsolidering av folkebiblioteka. I fylgje forskar Jørund Nilsen ved ECON-analyse så vil bibliotekreforma svekka lokaldemokratiet. Det einaste(?) konsoliderte folkebiblioteket i Norge nemleg Tønsberg og Nøtterøy bibliotek er òg dratt inn i debatten.

Kulturlovforslaget er lagt fram, i utgangspunktet handlar denne lova ikkje om biblioteka. Det kan likevel vere verdt å få med seg det høyringsnotatet drøftar om grunnlova si paragraf 100. Nå er det ikkje alle som er like nøgde med lova. I Nationen ønskjer leiaren seg ei konkretisering av lovteksten.

Fredag den 8.12 kom endeleg den etterlengta stortingsmeldinga om forvaltningsreform på bordet.Det er vel verdt å merke seg at verken Kulturministeren eller Kunnskapsministeren fant det naudsynt å gå ut med eigen pressemelding om reforma. Ingen av disse reformforslaga får meg til å miste nattesvevnen, men eg trur det kan vere viktig at folkebiblioteka deltar i ordskiftet om kva slags bibliotekstell me ønskjer oss og korleis det skal vere organisert. (meir …)

1 comment desember 10, 2006


Calendar

desember 2006
M T W T F S S
« Oct   Jan »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Posts by Month

Posts by Category