Archive for oktober 28th, 2006
Innkjøpsordningane, medieval og bibliotek
Det viktigaste enkeltelementet i norsk litteraturpolitikk er innkjøpsordningane for litteratur. Disse ordningane skal sikre at det er mogleg å gje ut litteratur i eit lite språkområde som det norske. Ordninga har ei firedelt målsetjing: 1. å betre dei økonomiske vilkåra for forfattarane, 2. å få ned utsalsprisen på norsk skjønnlitteratur, 3. å tryggje forleggjarane mot tap ved at dei er garanterte sal av eit visst minimumsopplag også av litteratur som tradisjonelt har synt seg å vere tungtseljeleg, og 4. å få fleire til å lese bøker, dels ved å redusere utsalsprisen, dels ved å gjere bøkene tilgjengelege i biblioteka over heile landet. For biblioteka er det sjølvsagt det siste punktet som er det viktigaste. Innkjøpsordningane fungerar derfor som ein del av folkebiblioteka si eigen innkjøpspolitikk. I ein kronikk i Aftenposten i vår gjekk den kjende forleggar og anarkist Syphilia Morgenstierne til åtak på heile ordninga. Noko som ho seinare følgde opp i form av ein sommarserie på bloggen sin der ho skreiv meldingar om dei fleste bøkene som blei kjøpt inn i ordninga førre året. Ho meinte at dei fleste ikkje skulle vært kjøpt inn under ordninga.
(meir …)
4 comments oktober 28, 2006