Archive for oktober, 2006
November
Politikken
Etter ein heller lang pause, så er Stortinget i gang med politiske arbeidet sitt.
Nokon av oss lurer av og til på kva som får stortings og regjeringspolitikare til å gjere akkurat det dei gjer i enkelte saker. I ein kommentar i Nationen blir ein del av dei utspela me nå ser både frå opposisjon og posisjon for “Tabloidpolitikken“. Rune Håndlykken som har arbeida med lokale kulturhus i ei årrekkje viser i ein kronikk i same avisa korleis kulturpolitikken følgjer dei same mekanismane. Sentrale politikare kan sole seg i glansen av eit nytt prestisjebygg i Stavanger men skjønner ikkje heilt korfor me ska bruka pengar på bruksbygg i Vindafjord. Nokon politikare er meir effektive enn andre, svenske el-kulturministaren Cecilia Stegö Chilò blei ikkje sittande lenge. Ho rakk likevel å gjeninnføra brukarbetalinga på musea. Eg har i ei tidligare utgåve av kalenderen vist til at betalbibliotek blei eit heitt tema i den svenske valkampen.
(meir …)
Add comment oktober 31, 2006
Innkjøpsordningane, medieval og bibliotek
Det viktigaste enkeltelementet i norsk litteraturpolitikk er innkjøpsordningane for litteratur. Disse ordningane skal sikre at det er mogleg å gje ut litteratur i eit lite språkområde som det norske. Ordninga har ei firedelt målsetjing: 1. å betre dei økonomiske vilkåra for forfattarane, 2. å få ned utsalsprisen på norsk skjønnlitteratur, 3. å tryggje forleggjarane mot tap ved at dei er garanterte sal av eit visst minimumsopplag også av litteratur som tradisjonelt har synt seg å vere tungtseljeleg, og 4. å få fleire til å lese bøker, dels ved å redusere utsalsprisen, dels ved å gjere bøkene tilgjengelege i biblioteka over heile landet. For biblioteka er det sjølvsagt det siste punktet som er det viktigaste. Innkjøpsordningane fungerar derfor som ein del av folkebiblioteka si eigen innkjøpspolitikk. I ein kronikk i Aftenposten i vår gjekk den kjende forleggar og anarkist Syphilia Morgenstierne til åtak på heile ordninga. Noko som ho seinare følgde opp i form av ein sommarserie på bloggen sin der ho skreiv meldingar om dei fleste bøkene som blei kjøpt inn i ordninga førre året. Ho meinte at dei fleste ikkje skulle vært kjøpt inn under ordninga.
(meir …)
4 comments oktober 28, 2006
Innhald & storleik
Regionalmeldinga lar vente på seg, i mellomtida ser det ut som ordskiftet om reforma fortsetter på ulikt vis. Kommunal og regionaldepartementet sitt nyheitsbrev om distrikts- og regionalpolitikken Regionalnytt er sjølvsagt mest opptatt av å skryte av statsbudsjettet. Ei av satsingane som blir nemnt frå departementet er omgrepet “kultur og næring”. Dette omgrepet har vore eit slags mantra dei siste åra. Det mest påfallande med det har vore at ein i satsingar på “kultur og næring” i stor grad har sett vekk frå det offentlege sine bidrag til kulturlivet. Analytikar Søren Liby Clausen og siviløkonom Thorstein Selvik, som driver finansrådgivingsselskapet Artesia Capital har sett offentleg innsats retta mot kulturlivet i Bergensområdet. Deira konklusjon er at Kultur er har lite å seie som næringsgrein, “Uten staten stopper Kultur-Bergen” konkluderar bt.no. Fylkesbiblioteka blir ein del av regionreforma, på kva måte veit vi ikkje ennå. Førebels tar diskusjonane utgangspunkt i bibliotekutgreiinga. Det er ikkje sikkert at det er den som legg føringane for regionalpolitikken, fylkesbiblioteksjefkollegiet har òg spelt inn omtrent same innlegget både til Bibliotekutgreiinga og ordskiftet om regionalreforma.
“Regionreform i motbakke” kallar professor Nils Aarseter frå Tromsø sin kronikk i Nationen 2.10. Der tar han til ordet for ein regionreform som tar utgangspunkt i dagens fylkeskommunar. Det same gjer professor Stein Østre frå Høgskolen i Hedemark i same avis den 10.10. Ordførarane tar i dette oppslaget i Dagsavisen derimot til orde for at det må bli færre regionar. Klassekampen- redaktøren derimot drøymer den 14.10 om ein regionreform som kan kallast ein “konsolidering” av kommunestrukturen. Dette er vel likt med draumen om 7 kjemperegionar òg ein teoretisk skrivebordsreform som strandar når den møter røyndommen i kommune-Norge.
Add comment oktober 22, 2006
Kampen om Den kulturelle skulesekken
I Aftenposten sitt helgemagasin A-magasinet som kom ut den 6.oktober står det ein lengre artikkel under overskrifta “Kulturkollisjonen” * om Den kulturelle skulesekken. Sjølv om teksten i artikkelen både er sjølvmotsigande og mykje av det som står i artikkelen er henta frå “Forfatteren” 0305, er det heilt klart at journalist Ola Henmo har ein sak. Saka er at skulen har blitt påtvinga ei mengde med kulturinnslag som lærarane ikkje har noko ønske om. At lærare som ikkje gidd å bruka tid på å førebu elevane på det som skal skje i skulen blir framstilt som offer for tvilsame kulturtiltak er ei litt uventa vinkling, men det er journalisten sitt val. Det interessante ved artikkelen er likevel ikkje vinklinga, men at han har fått “eigarane” av ordninga Øystein Djupedal og Trond Giske til og uttala seg. Uttala seg om spørsmål det har vore strid om heilt sidan “Den kulturelle skulesekken” blei eit landsdekkande tiltak. (meir …)
2 comments oktober 18, 2006
Statsbudsjettet, bibliotekutgreiinga og framtida for ABM-u
Statsbudsjettet for neste år blei lagt fram på fredag. I følgje pressemeldingsmeldinga frå NBF-leiaren så er det ikkje mye å ropa hurra for. Det kan eg vere einig i, for biblioteka isolert er det ikkje et spesielt godt statsbudsjett. Dei av lesarane som kan peka på eit statsbudsjett i moderne tid som skiljar seg ut positivt i så måte kan sende meg melding om dette. For folkebiblioteka har dei ulike postane på kulturbudsjettet yttarst lite å sei for korleis dei handterar den daglege drifta rundt om i landet. Folkebiblioteka si framtid blir ikkje avgjort i Kyrkje- og kulturdepartementet men i Kommunal- og regionaldepartementet og i den enkelte kommune. Sjølv om KS ennå ikkje er nøgde med aukinga i kommunane sine frie inntekter så må det vere lov og nemne at kommunane har vore den store budsjettvinnaren under den nye regjeringa. (meir …)
2 comments oktober 10, 2006
Oktober
Statsbudsjettet
Om få dagar kjem statsbudsjettet. For folkebiblioteka vil det vere kommuneøkonomien som er det viktigaste kapittelet i budsjettet. Norge går så det hyler i fylgje ein rapport frå SSB. Fagforbundet har store forventingar til budsjettet. Noko dei òg har god grunn til om me skal tru oppslag i Nationen. I heile tatt så er det rart etter fire år med eit voldsamt press på kommunane sin økonomi, å ha ein kommunalminister som ønskjer seg meir festing i kommunane. Det er sjølvsagt ikkje berre i kommunane det er store forventingar foreininga “Leser søker bok” trur òg på meir pengar frå statsbudsjettet.
Add comment oktober 1, 2006