Archive for september, 2006

Bibliotekutgreiinga i media

Bibliotekutgreiinga blei lagt fram for Kulturminister Trond Giske på måndag. I tilegg til dei offisielle og forventa reaksjonane frå ABM-u sjølv og NBF så har det stort sett vore stille om overleveringa i norske media. Unntaket er ei styrd budsjettlekkasje frå Giske under overleveringa i Aftenposten. Det spennande og gode oppslaget er det telemarksavisa Varden som står for. På ein elegant måte grip dei rett inn i den sentrale debatten om meldinga under overskrifta Færre og større bibliotek” .I tilegg til dei tradisjonelle media så har utgreiinga og blitt kommentert på blogg. Tord Høivik tar på sin blogg Plinius opp fleire sider av utgreiinga. Våre gamle vener liberalarane seier i samband med utgreiinga nok ein gong nei til skattefinansierte bibliotek .På postlista til biblioteka har Hans Martin Fagerli og Tommy Skalstad uttalt seg positivt om utgreiinga.

Add comment september 28, 2006

Bibliotekutgreiinga lagt fram -regionalmeldinga utsett

Bibliotekutgreiinga vart overlevert frå ABM-utvikling til kulturministaren i går. Utgreiinga skal nå ut på høyring før regjeringa eventuelt lagar politikk ut av han. Bibliotekutgreiinga er blitt eit halvt år forseinka. Det har utgreiinga ikkje tatt skade av skal vi tru dei fyrste reaksjonane frå NBF leiar Anne Hustad. Ho seier til NBF-veven : “Dette var i all hovedsak svært positiv lesing“. Nå har både Anne og underteikna deltatt i arbeidet med meldinga som medlemmar av referansegruppa så heilt uhilda er me nok ikkje men eg følgjer NBF-leiaren i synet på utgreiinga. (meir …)

Add comment september 26, 2006

Bibliotekpolitikk i Sverige og Danmark

På måndag skal ABM-utvikling legge fram bibliotekutgreiinga, kva skjebne den får i politikken gjenstår å sjå. Sidan eg nett har vore på ei lita rundreise i Skandinavia, dvs. eg mellomlanda på Kastrup på vei heim frå bok- og bibliotekmessa i Göteborg. Ei messe som kvart år har ei rekke gode bibliotekpolitiske seminar. Norge er påfallande dårleg representert på med stand på messa, Sør-Vestlandet var likevel tilstades med fire “organisasjonar”. Det var kultushovudstadsatsinga Stavanger2008, det var fribynettverket ICORN det var Sølvberget, Stavanger kulturhus med “Gjestfrihetens kunster” og det var sjølvsagt Rogaland fylkesbibliotek med Mangfold2008.
(meir …)

2 comments september 23, 2006

Mini reform?

Professor Tor Selstad ser i Kommunal Rapport for seg at regionreforma kan bli ei “mini-reform” . Det kan godt hende, eg har fleire gangar påpekt at, skal ein vite kva som er mogleg og realisere innafor den politiske røyndomma så liknar det meir på NOU 2000 : 22  enn på det arbeidet Selstad gjorde i utgreiinga “sterke regioner” . Synd kan hende, men slik er det nok. Forrige gang maktfordelinga mellom dei ulike forvaltningsnivåa var under endring,  blei det stoppa av dåværande Kommunalminister Erna Solberg. I fylgje Kommunal Rapport ser det ut som at ho har planar om på stoppa det denne gangen òg.

Fornyingsministaren Heidi Grande Røys held stadig innleiingar rundt om i landet om forvaltningsreforma, sist på kommunalkonferansen i Bodø 7. september. Her seier ho seier mange fine ord om folkestyre og om de folkevalde regionale organa. 

Eit av dei meir vellukka regionale oppgavene fylka har hatt ansvaret for er Den kulturelle skulesekken. Nå føreligg evalueringa frå NIFU-Step og på det viset vil òg vidareutviklinga av skulesekken vere knytta opp mot regionreforma.

Add comment september 11, 2006

September

Økonomi
Statsbudsjettet skal snart leggast fram og regjeringspartia prøver å finne ut korleis “alle” kan vinna. Ein ting dei har krangla om i fylgje rykta er kommuneøkonomien, men nå er dei endeleg blitt samde. I følgje tal frå SSB så har kommunane hatt ei formidabel auke i sine inntekter det siste halve året. I tilegg har kommunane og hatt og har ei sterk auke i kraftinntektene. Dette har fått enkelte medium til å spekulera i om kommunane får behalde inntekta si det vil dei gjere i fylgje regjeringa. Sjølv KS-organet Kommunal rapport har fått med seg at kommunane nå har betre økonomi men det kjem sjølvsagt ikkje til å vare.

(meir …)

Add comment september 1, 2006


Calendar

september 2006
M T W T F S S
« Aug   Oct »
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
252627282930  

Posts by Month

Posts by Category