Archive for august, 2006
Ny uvisse om reforma
I det nordiske tidsskriftet om regionalisering Grãnsbrytning uttalar regionråd Irma Görtz at ho ikkje trur at staten ynskjer å overlate regionpolitikken til regionane.
Add comment august 23, 2006
Kor store, og kor mange regionar?
Fylkesordførarane trur at samanslåing av fylka til større regionar må skje med tvang, det er konklusjonen i ei kartlegging NRK har gjort. Nokre få månader før regionalmeldinga skal leggast fram uttaler kommunalministeren til NRK i Sogn og Fjordane at ho ventar bråk når meldinga kjem. Ikkje minst skyldast det at fylke som t.d. Sogn og Fjordane vil vere eigne regionar. Tidligare fylkesrådmann Svein Lundevall i same fylket trur likevel at fylkesidentiteten er svekka og at større regionar vil vere svaret på denne svekkinga. (meir …)
Add comment august 2, 2006
August
Fornying
Den danske bibliotekstyrelsen har fått konsultfirmaet “Mandag morgen” til å laga rapporten “Det innovative bibliotek“. Mandag morgen som m.a, infører omgrepet “Det innovative samfunnet”. I likskap med liknande analysar frå ulike konsulentselskap synes eg nok at det blir lite nytt når det gjeld bruk av digitale tenester, globalisering m.v. Ei svensk undersøking om bruk av bibliotek viser at biblioteka blir brukt av utdanningssøkande på alle nivå òg av grunderer som ynskjer seg meir kunnskap. Altså ein lekk i det innovative samfunnet. Fredrikstad blad si nettutgåve presenterer biblioteket under tittelen “Kunnskapshuset” . Korleis styresmaktene kan medverke til bibliotekutvikling er tema i siste utgåve av det fellesskandinaviske bibliotektidsskriftet SPLQ.
Add comment august 1, 2006