Archive for juni, 2006

Juli

Kommunane
Økonomien i kommunane har det siste året vist teikn til betring. KOSTRA tala viser og at
kommunane gjekk med driftsoverskodd i fjor. I Sarpsborg melder politikarane om ein kulturpolitisk offensiv på grunn av lysare tider. Nå er det likevel ikkje berre rosenraudt i kommune-Norge, Kommunal rapport meldar om nær ein milliard i budsjettsprekk i kommunane så langt i år. I Horten blir bibliotekbudsjettet presenter under overskrifta "Et trist kapittel i Tønsberg blad.

Kunnskapssamfunnet
Då skulestatistikken blei levert frå SSB og Utdanningsdirektoratet, nytta den nyliberalt orienterte journalistikken høvet til å sjå på kor mykje karakterane i den einskilde skule kostar .Norske barn les betre enn før melder NTB, noko som tyder på at satsinga på lesing kan ha hatt noko for seg. Ved høgskolen i Bergen satsar dei på barnelitteratur . Medan regjeringa satsar på at dei skal lykkast på same måte med realfaga. I eit lesarinnlegg i Østlandsposten etterlyser Janne-M. Fiske Susanne B. Bolstad skulebiblioteka i Kunnskapsløftet.

Innkjøpsordninga
Ordskiftet om innkjøpsordninga held fram i Aftenposten. Nå er det
forleggaren, leiaren av NBF og seksjonsleiaren i kulturrådet som forsvarar ordninga mot kritikken frå Syphilia Morgenstierne.

Nettet
I Danmark fortsetter debatten om internettfilter på folkebiblioteka. I Norge er det Aetat som sørgjer for å sensurera kulturtidsskrifta i fylgje Østlandsposten.
Medan EU er opptekne av at fleire skal ha tilgang til internett, er norske Høykomòg opptatt av innhaldet og bruker pengar på filmsatsing der m.a. folkebiblioteka er deltakarar.
I diskusjonen om Wikipedia oppfordrar kritikarane folk til å bruka biblioteka. Fylkesbiblioteksjef Lisbeth Tangen i Sør-Trøndelag konkluderar og med at kunnskapen på biblioteka har klare fordelar i forhold til søkemotorar i artikkelen "Bibliotek vs google" i Adressa.no.

Bibliotekutgreiinga
Referansegruppa  for bibliotekutgreiinga har hatt sitt siste møte den 6. og 7. juni. Medan me ventar på at ABM-utvikling  si arbeidsgruppe skal gjere ferdig skrivearbeidet og levere det til Kulturdepartementet den 19.september, kan ein nytte høvet til å lesa gjennom innspela og delutgreiingar som arbeidet med utgreiinga har ført med seg.

Statistikk
Nå føreligg tala frå SSB om aktiviteten i fag- og forskingsbiblioteka i 2005 . Me må nok ennå vente ei stund på dei samla tala frå folkebiblioteka, men Rogaland fylkesbibliotek har lagt ut ein førebels folkebibliotekstatistikk for eige fylke. Tord Høivik har på sin blogg Plinius analysert statistikk tala for fylkesbiblioteka for åra 2000 – 2004 , der konklusjonen er. Dette kan ha to forklaringer: 1. fylkesbibliotekene er svært ineffektive 2. fylkesbibliotekene leverer andre tjenester enn utlån. Heldigvis for oss på fylkesbiblioteka så landar forfattaren på punkt 2.

Add comment juni 18, 2006

Stortingsmelding, stat og SV-landstyre

Fredag la Statsråd Åslaug Haga fram stortingsmeldinga “Hjarte for heile landet – Om distrikts- og regionalpolitikken” . Det gjorde hun på Næroset i Ringsaker, av mange betre kjent som “Lucky Næroset” . Kommunaldepartementet har òg oppretta ein nettstastad med dekknamnet Regionalpolitikk.no der saker om regional- og distriktspolitikk er samla. I ein kronikk i Nationen med tittelen Disneyland og Vestfossen, skriv Mariann Villa og Gro Follo som er forskare ved Norsk senter for bygdeforskning om “Lucky Næroset” og liknande fenomen. Eg kunne ønske meg eit ennå meir kritisk forskningsblikk på denne formen for bygdeutvikling. Er det slik at suksesshistoriane i avisene om Pajala og Berlevåg er sanne, eller er dei ein del av det same?

(meir …)

2 comments juni 17, 2006

Distrikts- og regionalpolitikk

Den 16.juni skal kommunalministeren leggje fram distriktsmeldinga, regjeringsorganet Nationen har dei siste dagane laga ein serie med reportasjar knytta til distriktspolitikk. Naturleg nok startar dei med å oresentera distriktsløfta frå regjeringspartia , dei fylgjer vidare opp med intervju både med Kommunalminister Åslaug Haga og med Inge Ryan frå SV.

(meir …)

Add comment juni 7, 2006


Calendar

juni 2006
M T W T F S S
« May   Jul »
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930  

Posts by Month

Posts by Category