Archive for mai, 2006
Forvirring om regionreforma
Motstanden mot regionreforma spreiar seg til Ap og SV heiter det i ein artikkel Nationen. Det kraftigaste utspelet kjem frå SV sin stortingsrepresentant frå Finnmark Olav Gunnar Ballo, som i eit debattinnlegg i VG tar avstand i frå reforma i fylje oppslaget. I fylgje den same avisa møter Ballo og dei andre regionmotstandarane, storm frå regiontilhengarane. Fylkesordførar Torill S. Nyborg frå KrF i Hordaland meiner at med fyrst og fremst må ha store regionar, som skal vere parallelle med storleiken på helseregionane. Medan Dagfinn Sundsbø som er stortingsrepresentant for Senterpartiet meiner at regionreforma er ei distriktsreform og at Senterpartiet er garantisten for det. Slik debatten nå går blir det fritt fram for regionmotstandarane å så tvil om heile reforma. Stortingsrepresentant Bent Høie meiner t.d fylkespolitikarane har for stor innflyting over debatten om regionar. (meir …)
Add comment mai 30, 2006
Juni
Kommunane
Kommuneøkonomiproposisjonen er nå lagt fram, kommunane aukar sine inntekter med 2,5 milliard kronar i frie midlar til neste år. KS fylgjer opp med ei eiga side om saka . I det daglege lurer ein gjerne på om det politiske fleirtalet i einskildkommunar gjer forskjell. Nationen har undersøkt kva Frp-styrde kommunar prioriterer. Dei kuttar i kultur, kunst og barn- og unge og satsar på eldre, akkurat som dei har lova altså. Rådgjevingsbyrået Agenda har òg undersøkt kommunebudsjetta, og gir dei terningkast.
Kampen om folkebiblioteket føregår i kommunane, ofte handlar det om filialar. Så også i Horten. Det spennande denne gangen var at det blei stilt
nokre spørsmål om kva rolle biblioteket skal ha i lokalsamfunnet, noko som å kan vere et apropos til Robert Putnam sitt foredrag på Høgskolen i Oslo .
Lokalpolitikarane i Horten vedtok dessutan å redda biblioteket i Åsgårdstrand. Nokon som derimot er kritiske til biblioteketablering, er sentrumsforeningen i Elverum. Nei, det er klart eit tilbod som rekk ut til halve folket kan det ikkje være attraktivt å ha i nabolaget.
Revidert statsbudsjett
Revidert er ikkje det viktigaste dokumentet for folkebiblioteka . Nokre tall kan likevel nemnast: "50 millioner til digitale læremidler" i Kunnskapsdepartementet.
"Styrking av bibliotektjeneste i fengsel" i Kultur- og kirkedepartementet. "50 millioner mer til bredbånd" i Fornyings- og administrasjonsdepartementet.
Nettet
Internettfilter på bibliotek har vært oppe til debatt fleire gangar. I Danmark har nå kulturministaren foreslått at biblioteka skal sette opp slike filtre . Papiravisene døyr skriv Dagbladet Tord Høivik drøftar på sin blogg Plinius kva det tyder for biblioteka . Den same Tord Høivik har òg laga ein oversikt over kva bibliotekbloggar som finnes i Norge for tida. Send tips til Tord om du veit om fleire! E-bøker var svært langt framme i ordskiftet
for nokre år sida, så blei det stille. I Sverige ser det ut til at fenomenet lever .
Litteraturpolitikk
Lyrikken sin plass i innkjøpsordninga har vært i vinden den siste månaden. Det starta med at NRK hevda at kulturrådet vurderte å halvera innkjøpa av lyrikk . Dette fikk forfattarane i Nord-Norge til å oppfordra til handling og leiaren i forfattarforeininga Anne Oterholm til å skrive kronikk i Dagbladet. Medan dei samiske forfattarane krev ei eiga innkjøpsordning for samisk litteratur, så har anarkist og forleggar Syphilia Morgenstierne markert seg som motstandar
av heile innkjøpsordninga i eit innlegg i Aftenposten.
Statistikk
Medan me ventar på skolebibliotekstatistikken frå ABM-U kan ein lese den utrettelege Tord Høivik sine artiklar om statistikk . Det er ein sann svir, og det
beste av alt er at Høivik, SFP og Fagforbundet nå er i ferd med å lykkast i å presse statistikken høgare opp på den politiske agendaen!
Add comment mai 24, 2006
Ordskiftet om regionreforma
Rådslaget om regionreforma er i ferd med å avsluttast. Innspela skulle være klare til 15.mai medan dei ulike partia skal handsame saka i løpet av juni. Senterpartiet sitt med kommunalministeren og har dermed ansvaret for reforma. I fylgje Nationen har delar av partiet problem med reforma. Men partieiar og kommunalminister Åslaug Haga slår tilbake. SV skal ha saka opp på sitt landsstyremøte 18. og 19. juni. På sin nettstad har SV fått tri innspel pr. 22.5. I tilegg har Telemark Sv gått ut med ein uttale der dei støttar opp om reforma. Kva som skjer i Arbeidarpartiet er ikkje godt å sei, ikkje har det vore nokon omtale på nettsida deira om reforma. Det einaste presseoppslaget eg har funnet er frå vestfoldavisa Gjengangeren der òg AP er med på ei felles uttale frå alle tri partia i fylket.
Fylkesbiblioteksjefkollegiet har laga eit brev til alle regjeringspartia om kva rolle biblioteka skal ha i reforma. Det same har Norsk bibliotekforening gjort. I motsetnad til t.d. Museumsforbundet er bibliotekorganisasjonane positive til reforma, samstundes som dei stiller krav om at reforma skal styrke ei regional bibliotekutvikling.
KS har på sitt sentralstyremøte gjort fylgjande vedtak om reforma: Uttalelse fra Landsstyret i KS: KS' plattform for forvaltningsreformen.
Add comment mai 24, 2006
Mai
Kommunane
Det er lita tvil om at aukinga til kommunane på fjorårets statsbudsjett var eit viktig løft for ein sektor som har vore forsømd lenge. Nå seier kommunalministeren at ho vil halde fram med å bruke meir pengar på kommunane . Nå aukar òg skatteinntektene monaleg i kommunesektoren. Det vil òg vere med på å auke det økonomiske handlingsrommet i kommunane ennå meir.
Lokaldemokratikommisjonen har lagt fram si andre utgreiing . Målet for utgreiinga er å styrka den demokratiske legitimiteten til kommunane. Om det kjem noko nytt ut av dette arbeidet, gjenstår å sjå. Kommisjonen spriker i ulike retningar når det gjeld nye demokratitiltak. Sjølv om manglande legitimitet òg har vore eit argument i ordskiftet om kommunesamanslåing så syner ei evaluering av kommunesamanslåingane dei siste åra at disse har vore vellukka. For at kommunane skal utviklast er det naudsynt at folk blir buande. Den siste undersøkinga over flyttemønster tyder på at folk flyttar som aldri før.
Litteraturpolitikk
Undersøkinga til forleggarar og bokhandlarar viser auka lesing etter at den nye bokavtala trådte i kraft. Samstundes er det stadig diskusjon om kor godt innkjøpsordninga verkar. Nokon som stiller krav til ei betre ordning er Tidsskriftforeningen. Ei utvida innkjøpsordning kan bli ei felles sak for tidsskriftprodusentane og biblioteka. Samtidig pågår det ein debatt i osloavisa Aftenposten om korleis Kulturrådet som m.a. forvaltar innkjøpsordninga, organiserer sitt virke.
IT-politikk
Fornyingsministaren er oppteken av at me skal ha verdas beste offentlege sektor. Stortinget handsamar nå EØS kravet om eit sikrare internett . Næringslivsorganet The "Economist" meiner at Norge bommar på IT satsinga si .
Teori og praksis
1.mai skulle bibliotekutgreiinga vore ferdig, det er den ikkje. Til gjengjeld fekk me nyleg ein av dei etterlengta delutgreiingane. Denne gangen var bibliotekbrukundersøkinga frå SSB. Etter at undersøkinga blei lagt fram har undersøkinga vore heftig debattert på postlista. Både IT bruken og forholdet mellom store og små bibliotekeiningar har vore diskutert. Begge ordskifta er så interessante at det kan skrivast eigne artiklar om emna. Ute i kommunane foregår det dagleg ein politisk kamp om biblioteka, spesielt om filialane si framtid. Nå er det ikkje alle sigrar som er sigrar, om eg tolkar biblioteksjefen i Larvik rett. Når ein les slike oppslag som dette frå Akershus, lurer ein òg på om det er mogleg å halde oppe slike tilbod.
Add comment mai 7, 2006