Archive for april, 2006
Forvaltningsreform
Arbeidet med regionaliseringa er nå i gang. Kommunal- og regionaldepartementet har oppretta ei eiga side om reforma. Sida innehelder også ei oppdatert oversikt over kva som skrivast om reforma i media. Også KS har oppretta ei side om reforma. Frå KS si side er det òg sendt ut ei eiga utgreiing om reforma. Denne utgreiinga blir i disse dagar handsama rundt om i kommunar og fylker. Regjeringspartia har invitert til rådslag om reforma. Dette rådslaget blir i disse dagar handsama rundt om i partilaga i dei tre partia.
Ein av dei organisasjonane som allreie nå har meldt seg ut av ordskiftet om kva regionane skal arbeide med er Museumsforbundet, som i eit innlegg i Aftenposten 01.04 snakkar om rasering av nasjonale kulturstrukturar. For biblioteka vil det vere viktig å få fram at me treng eit regionalt utviklingsorgan på bibliotekområdet. Fylkesbiblioteksjefkollegiet seier ein del om dette i sitt brev til ABM-utvikling i samband med bibliotekutgreiinga.
Add comment april 26, 2006
April
Kommunane
I fylgje tall som kjem fram i førebels KOSTRA så har kommuneøkonomien betra seg det siste året. I september 2004 var det 117 norske kommunar som var "svartelista" på grunn av betalingsproblem nå er talet 87. Og kommunalministeren lovar at det skal komme meir pengar. Nå er det viktig å setje i gang budsjettarbeid som gjer at det er biblioteka som vinner på denne endringa. I Danmark brukar kommunane meir pengar på kultur, men det ser ut som at biblioteka har stagnert.
I Norge er det stor skilnad på kva kommunane bruker til kultur. Forskarar ved Norut NIBR Finnmark har funne ut at kultur kan bidra til verdiskapinga. Det trengs, for det tyder på at kulturinvisteringane ikkje fører til auka aktivitet.
Frivillig eller ikkje, det er og spørsmålet når det gjeld kommunesamanslåingar. Kommunal rapport melder at statsministaren signaliserer at han ynskjer kommunesamanslåingar, KS tolkar utsegna heilt nøytralt. Det finnes i alle fall 33 kommunar som vurderer samanslåing. Det er kanskje ikkje så rart når ein studerer dei mange rare kommunegrensene her i landet.
Kulturministeren
Trond Giske har hamna i ordskifte om både om festing og om kunstsyne sitt i det siste. Ei av dei som prøver å innleie ein god debatt er Svanhild Aabø som brukar si eiga forsking til å utfordre Giske i bibliotekpolitikken. Det er svært bra at denne forskinga tas i bruk på denne måten, men er me heilt sikre på at talet på bibliotekavdelingar er det viktigaste talet for utviklinga av gode folkebibliotek? Giske sjølv har ikkje svart på utfordringa frå Aabø, men har i alle fall gjort noko i løpet av dei månadene han har vært kulturminister. Om vil ha meir bibliotek på lista trur eg kulturministeren treng ennå fleir bibliotekpolitiske innspel.
Digitalisering
Kulturministaren er sjølv i gang med å digitalisera Nasjonalbiblioteket sine samlingar. Det vil vere avgjørande viktig at dette inngår i ei heilskapeleg tenking knytte til norsk digitalt bibliotek, det har kulturministaren blitt gjort merksam på av NBF. Fleire og fleire har tilgang på breiband i fylgje tal frå SSB. Det gjer at fleire tenester frå biblioteka kan gjerast attraktive digitalt.
Sverige
Til glede for dei som gjekk glipp av dette oppslaget frå Sverige for eit år sida, tar eg det med i denne utgåva av kalenderen. Sjølv om unionen blei oppheva for over hundre år sida er det stadig noko som er likt på begge sider av grensa.
Add comment april 1, 2006