Archive for mars, 2006
Sjølvskryt
skal ein høyre på for det kjem frå hjartet sa dei gamle. Denne gangen skal eg nytte høvet til å skryte litt av det arbeidet me på Rogaland fylkesbibliotek gjer saman med andre.USA-debatten går mot ein førebels slutt. Siste(?) oppslag eg har observert er leiarartikkelen i [sine nomine], som er bibliotekarstudentane si nettavis. Rogaland fylkesbibliotek saman med Sølvberget og NBF-Rogaland fylgjer opp dette ordskiftet med konferanse under kapittelfestivalen.
Den 16. februar la eg ut ei melding om seminaret som fylkesbiblioteka i Hordaland og Rogaland arrangerte i Bergen. Siste nummer av Bok og Bibliotek fylgjer opp denne konferansen med bibliotekreportasjar frå Kvam herad og Sola Kommune. Fylkesbiblioteka fylgjer opp med ny konferanse i Stavanger. Denne gangen om bibliotekutgreiinga og kommunane.
Blogging er blitt eit fenomen og hos oss som arbeider med bibliotek. Rogaland fylkesbibliotek sin medarbeidar Ine Marit Torsvik Bertelsen produserer ikkje mindre enn tri nye bloggar. Med barnelitteratur om barnelitteratur og om konferansen mangfold2008 som Rogaland fylkesbibliotek arrangerer om barne- og ungdomslitteratur.
Add comment mars 30, 2006
Debatten held fram
Debatten om USA-avtala i Stavanger held fram i media og på postlista. Trond Lie svarar på innlegget frå Ragnar Audunson, svaret har komme både i Stavanger Aftenblad og på nettstaden til Norsk bibliotekforening. I Aftenbladet er det også intervju med den amerikanske ambassadøren i Norge.
I Bibliotekaren 3/06 har Erling Bergan ein lengre artikkel om sponsinga av biblioteka. denne artikkelen fekk biblioteksjef Trond Lie til å svara med eit opent brev til Bibliotekaren og Bibliotekarforbundet. Noko som har resultert i at redaktøren og svarar på brevet frå Trond Lie.
Rogaland fylkesbibliotek har i samarbeid med Sølvberget KF og Norsk bibliotekforening, avd Rogaland invitert til eit seminar under Kapittel 06 der debatten vil bli fylgt opp.
Add comment mars 19, 2006
Meir om USA-avtale i avisene
Saka om Stavanger bibliotek si USA-avtale er stadig godt stoff i avisene. Spesielt har Stavanger Aftenblad valt å køyre saka i mange oppslag. I tilegg til det som finnes i nettutgåva av avisa finnes det ennå meir i papirutgåva. Den 3.mars var det oppslag i Stavanger Aftenblad om at leiaren for Stavanger2008 Mary Miller seier at ho har full tillit til Stavanger kulturhus. Same dag utrykkte og Kulturminister Trond Giske at han var positiv til avtala. Dagen etter fortalte Anne Liv Tønnessen som er programsjef på Sølvberget at ho vil bruka nokre av USA-pengane til eit 2008 prosjekt. Den 6. mars er det kulturredaktør Sven Egil Omdal sin tur til å svare på bibliotek- og kulturhussjef Trond Lie sitt innlegg. Same dag skriv Trond Lie eit svar på kritikken som blei framførd på leiarplass i Rogalands avis. 9.mars har Aftenbladet intervju med Petter Næss frå den amerikanske ambassaden om denne avtalen. Den 11.mars har professor på bibliotekutdanninga Ragnar Audunsson eit innlegg i Aftenbladet der avtalen blir tatt opp eit større bibliotekperspektiv.
Add comment mars 11, 2006
Rådslag om regionar
Regjeringspartia inviterer til rådslag om regionreforma. I ein kronikk i Aftenposten seier Inge Ryan (SV), Trygve Slagsvold Vedum (SP) og Dag Terje Andersen (Ap): “Det er mange som har synspunkter på hvordan vi best skal utforme nye, sterke og robuste regioner. Rådslaget vårt inviterer alle engasjerte mennesker til å delta i en bred demokratisk debatt rundt den viktigste demokratireformen i Norge på lenge!” I samband med rådslaget har partia og fått laga eit hefte med tittelen “Sterke regionar for framtida” om reforma.
Add comment mars 11, 2006
Mars
Folk
Folketalet veks og folk flyttar på seg viser befolkningstala frå SSB. Same byrået har og laga ein oversikt over kven me er under tittelen “Dette er Kari og Ola”.
Kommunestrukturen
Kommunalministeren har valt å verna kommunane mot endringar i kommunestrukturen. Det har fått KS-direktør Olav Ullern til på nytt setta spørsmålet om kommunal oppgåvedifferensiering på kartet. Andre kommunepolitikarar er blitt provosert av den passive haldninga til ministeren. Noko som får Tone Holmquist i Kommunal rapport til å spørje om dette vil føre til at me nå får kommunesamanslåing på trass.
Kommuneøkonomien
Tal frå SSB viser at underskotet i kommunane er redusert. Det tyder på at det går mot lysare tider i kommunane. Noko som og blir i alle fall delvis stadfest av Guttorm Fremstad på Moss bibliotek.
Bjarne Jensen har gitt ut ei bok med tittelen “Kommune-Norge – velferd og finansiering”. Tidligare Statsråd Hallvard Bakke kommenterer denne boka i ein kronikk om kommuneøkonomi. Som ei oppfylging av dette seier både leiaren i KS og leiaren i fagforbundet at kommuneskatt må vurderast.
Så får me sjå om kommunane får større råderett over pengane om forslaget frå politikare frå ymse parti om grunnlovsfesta kommunalt sjølvstyre får fleirtal. Sida dette forslaget er satt fram av m.a. ein sosionom, ei førskulelærar og to lærarar så trur eg at dei ikkje deler økonomisjef Kjell Rasmussen i Kristiandsund sitt syn på kommunal leiing.
Regionaliseringa
Kommunalminister Haga ynskjer seg sterke regionar. Heller ikkje i denne saka ønskjer ho å bruka tvang. Ein som derimot ønskjer seg store regionar er Terje Klungland frå Arbeidarpartiet han synes at ei samanslåing av Aust- og Vest-Agder vil bli for smått. Nå verkar det ikkje som om ordskiftet om regionar er heilt over ennå og Aslak Bonde ynskjer seg at regionmotstandarane nå kommer på banen.
Avsløringar
Alle har høyrt om at det innafor norsk bibliotekstell finnes ein nesten hemmeleg lukka organisasjon. Ingen blir medlem av denne organisasjonen utan å ha sikra seg innflyting over et større geografisk område. Denne organisasjonen har på trass av at han ikkje tar opp nye medlemer før eit av dei gamle forsvinn ut, stor inflyting over biblioteka i dette landet. For å avsløra kva denne organisasjonen held på med har eg oppretta ein nettstad som berre er via til overvåking av denne organisasjonen sitt arbeid.
Har du nokon gong lurt på kva U-en etter ABM står for. Etter disse tre oppslaga den siste tida “Bibliotekutredning utsatt i fem måneder“, “Biblioteksentralen trakk seg – ABM-Media utsatt“, “Registrering av statistikk for bibliotek i grunnskoler og videregående skoler er utsatt på ubestemt tid“, kan ein lure på om denne U-en står for utsetjing.
Add comment mars 5, 2006
Offentleg ordskifte om medieval
Ordskiftet om avtala mellom Stavanger bibliotek og USA sin ambassade har prega bibliotekNorge-lista den siste tida. Også aviser og andre massemedium har tatt opp saka, spesielt har lokale medium i Stavanger fylgt opp denne avtala. 1.mars meldte Stavanger aftenblad at det var "Flertall for dollar i Sølvberget". Same dag hadde Klassekampen eit oppslag med tittelen "For en neve dollar". Ting tyder på at journalistane ikkje har spesielt god fantasi for dagen etter fylgjer kulturredaktøren i Stavanger Aftenblad opp med ein kommentar med den slåande tittelen "For en neve dollar". Same dag lager avisa også ein reportasje der dei etterlyser brukarreaksjonar "Usikre brukarar". Usemja er også stor blant dei tilsette på kulturhuset viser reportasjen "Harde frontar på Sølvberget". Dagen etter har Rogalands Avis ein leiar artikkel under tittelen "Prinsippløst på Sølvberget". Laurdag 4.3 svarar bibliotek- og kulturhussjef Trond Lie på ein del av kritikken fyrst og fremst den som kjem frå Omdahl i aftenbladet i eit brev til kulturen i same avis. Brevet har tittelen "Vill vest på Sølvberget?"
I tilegg til dei oppslaga eg har ramsa opp her finnes det og oppslag i Klassekampen og Stavanger Aftenblad som ikkje er lagt ut på nettstadene deira. Den mest oppsiktsvekkjande av disse er oppslaget den 3.3 om at kulturminister Trond Giske støttar avtalen.
For fyrste gang på lange tider er eit ordskifte om medieval i biblioteket flytta ut av våre eigne vurderingsmøtar og bokvalsmøtar. Det trur eg folkebiblioteka har hatt godt av.
Add comment mars 4, 2006