Archive for februar, 2006

USA i folkebiblioteka?

Stavanger Kulturhus Sølvberget  med m.a. Stavanger bibliotek  ønskjer å inngå ein avtale med USA sin ambassade om sponsormidlar  noe som har førd til omtale i Stavanger Aftenblad. Bibliotekarforbundet har reagert sterkt på dette m.a. i form av et opent brev til Sølvberget.

Eg har ved fleire høve, t.d. i samband med mitt innlegg om Biblioteka og ytringsfridomen i Bibliotekaren 10/2004 satt spørjeteikn med kva signal gåver til biblioteket gjer til brukarane. Når det gjeld støtta frå USA til norske folkebibliotek har Dag Stavenes i eit innlegg på BibliotekNorge-lista 27.2.06 klart å overtyde meg om at ei slik støtte er å oppfatta som støtte til USA i biblioteka. Sjølv om ingen har argumentert ut i frå si haldning til USA og dette landet sin politikk, klarer Stavenes på ein svært god måte å visa korleis ei slik støtte blir oppfatta. Eg trur derfor det vert riktig slik som Silje Skjold gjer i sitt innlegg same dag å skilje mellom innpass i folkebiblioteket og støtte til andre sider av kulturformidlinga. Det vil vere forskjell på å støtte enkeltarrangement, utstillingar osb. og det å ha eit USA-støtta folkebibliotek. Nettopp med å vere frie og sjølvstendige institusjonar som lar ulike tankeretningar komme til syne har folkebiblioteka svært høg trugverd som eit tilbod som er opent for alle. Dette må me halde fast med. Så sjølv om folkebiblioteka ikkje direkte blir styrd i sitt medieval av ein avtale med USA sin ambassade, så kan folkebiblioteka sitt opparbeida omdøme bli svekka av ein slik avtale. Det veit eg ikkje om ein slik avtale vil vere verdt.

Vidar Lund spør i eit innlegg  om korfor det blir ordskifte om dette nå og ikkje i fjor når dei gjorde ein slik avtale i Kirkenes. Eg trur det skyldes den same mekanismen som gjer at det blir stort oppstyr om bruk av frivillige når forslaget kom i Oslo og i Bærum, men ikkje når det blei gjennomførd i Stavanger. Det skyldes rett og slett lokalt engasjement. Blir det eit ordskifte om slika avgjerder lokalt, så forplantar dei seg. Er det ikkje ordskifte lokalt, så kjem det heller ikkje nokon annan plass. 

Add comment februar 27, 2006

Politisk kalender “Live frå Bergen”

Den 19 januar arrangerte fylkesbiblioteka i hordaland og Rogaland konferansen: Nytt løft for folkebiblioteka? Folkebibliotekpolitikk – mellom statleg lovgiving og kommunalt sjølvstyre. Denne konferansen kan kallast ein levande Politisk kalender. I tilegg til dei ulike framføringane har konferansen og fått omtale i bibliotekpressa. På leiarplass i Bok og bibliotek seier redaktøren m.a. "Hele konferansen var preget av den samme klarheten som Frode Bakkens budskap. En sjelden og befriende klarhet. I løpet av mine fem og et halvt år som redaktør i Bok og bibliotek har jeg vært på konferanse etter konferanse hvis eneste funksjon har syntes å være av indremedisinsk art, type valium, eller lobotomi. Her var det den politiske kampen for biblioteket som ble trukket fram, av sinte, klare og engasjerte lokalpolitikere".

I Bibliotekaren nr. 2 2006 har Erling Bergan ein lengre artikkel med omtale frå konferansen.

Add comment februar 16, 2006

Februar

Biblioteka
I ei tid når vanskelege spørsmål om krig, ytringsfridom og religion står på agendaen skulle eg håpe at fleire gjorde som Stavanger aftenblad, gjekk på biblioteket for å finna svar.  Biblioteka er inne i store endringar. I "Valdres viser vei" prøver bibliotek i Oppland ut nye saumlause løysningar. I Danmark blir det og laga folkebibliotek for "framtida". Bibliotekfilialane forsvinner i Norge, kanskje vil denne trenden snart snu. Frå bankvesenet melder Aftenposten nå om auka satsing på filialane

Kommunane
Få sektorar merker regjeringsskiftet så godt som kommunesektoren melder Aftenposten, så nå får me sjå kva dei klarer å få til på regionnivå

Kulturen
Kultur forlengar livet melder NRK. Ikkje rart at kulturstatsråden nå vil få på plass ein eigen kulturlov. Fagforbundet er ein av dei organisasjonane som støtter Giske i arbeidet med kulturloven, men i notatet sitt seier dei og viktige ting om folkebibliotek.  

Digitale skilje
Sjølv om internett har gjort informasjon tilgjengeleg for mange fleire, vil digitale skilje vere ei utfordring i åra som kjem . Ei av dei som skal lage politikk for å møta denne utfordringa er fornyingsminister Heidi Grande Røys både i talen si til næringslivet og i talen om e-borgarskap vektlegg ho biblioteka si rolle i arbeidet for digital utjamning. 

Lesing
I ein artikkel i forskning.no slår dei fast at små barn ikkje blir flinkare i språk av å bli lest for. Om norske gutar har blitt utsatt for høgtlesing dei siste åra veit eg ikkje, men betre til å lese det har dei blitt. Kva gutane les kjem ikkje heilt klart fram i artikkelen, Cecilie Naper frå HiO har undersøkt kva bibliotekbrukarane låner og det viser seg at bibliotekbrukarane liknar svært mykje på dei som går i bokhandelen. Det er likevel mogleg at bokhandlarane skjelv i buksene, for nå er e-boka attende.

Statistikk
Statistisk Sentralbyrå har lagt fram kulturstatistikken. Byrået har også lagt ut ei mengd historisk statistikk, her er t.d. oversikt over folkebibliotekavdelingar og utlån frå 1918 til 1998. Sjølv om statistikken ser enkel ut når blir lagt fram av SSB, så har Tord Høivik igjen ein tankevekkande artikkel i sin blogg om dei ulike sidene med bibliotekstatistikken. Om nokon ynskjer å vite meir om Tord og mine tankar om statistikken kan dei delta på arr 20. under bibliotekemøtet.

Add comment februar 15, 2006


Calendar

februar 2006
M T W T F S S
« Jan   Mar »
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728  

Posts by Month

Posts by Category