Arva etter politisk kalender
Eg har lenge leita etter ein blogg som følgjer opp “Politisk kalender”, ei stund hadde eg stor tru på den nye SFP-bloggen “Bibliotekpolitikk“. Desverre blei den ikkje så aktiv som eg kunne ønskje meg. Nå har tidligare kollega Ine Marit Torsvik Bertelsen laga ein blogg med navnet Ine Marits Blog. Den skal i følgje forfattaren som no er vara til hovudstyret i NBF og leiar av foreninga sitt litteraturpolitiske utval, handla om “…feltene Politikk, Litteratur og Bibliotek”. Når ein ser på kor aktiv Ine Marit var med sin forrige blogg så er det grunn til å håpe at aktiviteten blir stor på denne og. Lukke til.
Add comment oktober 27, 2008
Takk for meg!
I denne aller siste utgåva av “Politisk kalender” vil eg nytta høvet til å takke alle mine lesarar gjennom dei tri og eit halvt åra som er gått sidan eg publiserte nyhendebrevet fyrste gong på biblioteklista. Sidan den gongen har eg minst ein gong i månaden publisert kalenderen. Formålet med kalenderen har heile tida vore å gje bibliotekfolk (og andre) innblikk i politiske prosessar som påverkar folkebiblioteka. Prosessar som bibliotekfolk kan være med å påverke gjennom aktiv deltaking i debattar og organisasjonar. For å påverke må me vise kva rolle me vil ha i samfunnet og ikkje kor fælt me har det og me må tørre å prioritera. Julaftan skreiv eg 4 ting som eg meiner må prioriterast i ei kommande stortingsmelding om bibliotek, dette meiner eg er det viktigaste me kan krevje for folkebiblioteka i dag. I tilegg er me avhengige av at kommunane får økonomiske rammevilkår som gjer at det er mogleg og halde høg standard på tenestene.
Med dette vil eg takke for meg og ønskje alle lesarane lukke til i 2008.
1 comment januar 1, 2008
Restar frå jula
Fram til julaftan lagde eg politisk julekalender med oppslag kvar einaste dag. Nå etter jul er det på tide å presentere alle dei oppslaga på nettet som eg hadde samla inn til julekalenderen som eg ikkje brukte.
(meir …)
2 comments desember 30, 2007
24.luke.Politisk julekalender
Det er nok for seint å komme med ønskje om fleire julepresangar i år. Derfor skal eg avslutte denne politiske julekalenderen med fire ønskjer for stortingsmeldinga for bibliotek.
1) Eg ønskjer meg ei nasjonal satsing på litteraturformidling i den kulturelle skulesekken.
2) Eg ønskjer meg at potten til kulturbygg blir monaleg utvida slik at det gir kommunane økonomisk drahjelp når dei vil bygge nye bibliotekbygg.
3) Eg ønskjer ei medvite satsing på digitale tenester.
4) Eg ønskjer at det ikkje skjer strukturendringar som svekkar biblioteka i kommunane eller den regionale bibliotekkompetansen.
Til slutt vil eg ønskje alle lesarar av politisk julekalender ei fredeleg jul.
1 comment desember 24, 2007
23.luke.Politisk julekalender
Ordskiftet etter bibliotekutgreiinga frå ABM-utvikling har i stor grad handla om bibliotekstruktur. Ikkje så rart når utredninga foreslår å opprette eit eige forvaltningsnivå etter kor mange bibliotektilsette det er i kvar enkelt eining.
(meir …)
Add comment desember 23, 2007
22.luke.Politisk julekalender.
Utgiftene til kommunane aukar langt meir enn berekna. Kommunal Rapport melder at kommunane sine utgifter ligg ca. 7 milliardar høgare enn det regjeringa har lagt til grunn i sitt statsbudsjett. Og at skatteinntektene er lågare enn berekna.
(meir …)
Add comment desember 22, 2007
21.luke.Politisk julekalender
“Folk i Rogaland låner mest bøker, filmer og musikk fra folkebibliotekene. Oslofolk går mest i operaen, og trøndere og vestlendinger går mest på festival“. Slik blir SSB sin kulturstatistikk presentert i Kommunal Rapport.
(meir …)
Add comment desember 21, 2007
20.luke.Politisk julekalender
Torsdag før jul er den store handledagen. Mange får bøker til jul, Klassekampen melder om “Klondyke i bokbransjen” . Bransjebladet Bok og samfunn meldte allreie i November om rekordår i bokbransjen. Det auka salet skjer både i bokhandlarane og via nettsal. Til og med bokklubbane er på veg oppover igjen på grunn av nettsalet.
(meir …)
Add comment desember 20, 2007
19.luke.Politisk julekalender
Rekk handa i veret alle som har brukt den statlig finansierte nettportalen Norge/Noreg.no. Det har tidligare i haust stått strid om kor mykje ressursar som brukast på dei statlige nettsatsingane Miside og Noreg.no. Nå har den statlege nettsatsinga Noreg.no funne ut at dei statlege nettstadene kjem betre ut enn andre offentlege nettenester. Sa nokon noko om bukken og havresekken? Min kjende bloggkollega, Plinius undersøkte tidligare i haust ein del av det som finnes av statlege portalar på utdanningssida (+ fleire artiklar same nettstad). Han blei ikkje imponert.
(meir …)
Add comment desember 18, 2007
18.luke. Politisk julekalender
Rogaland fylkesbibliotek får ny fylkesbiblioteksjef. Rogaland fylkeskommune har gitt stillinga som ny fylkesbiblioteksjef i Rogaland til Merete Nese Vinningland.
(meir …)
1 comment desember 17, 2007